Slik beskyttar du opplysningane dine mot hackarar og svindlarar.

Ord | Forklaring |
|---|---|
Hacking | Når nokon forsøker å få tilgang til ein datamaskin, mobiltelefon eller ein digital konto utan løyve. |
Datamaskin | Ei elektronisk eining som blir brukt til å utføra digitale oppgåver. |
Mobiltelefon | Ein berbar telefon med appar og internett. |
Personopplysningar | Informasjon som kan brukas til å identifisera deg, til dømes namn, adresse, telefonnummer, fødselsnummer eller bankopplysningar. |
Kredittsperre | Her manglar det tekst |
Hacking tyder at nokon prøver å få tilgang til ei datamaskin, mobiltelefon eller ein digital konto utan løyve. Målet kan vere å stela informasjon, overta ein konto eller misbruka personopplysningar.
Korleis kan nokon få tilgang til ein konto?
Det er fleire måtar nokon kan få tilgang til ein konto på. Dei vanlegaste er:
Du brukar eit passord som er lett å gjetta, eller det same passordet på fleire kontoar
Du blir lurt til å utlevera passordet ditt gjennom svindel
Ein digital teneste du brukar blir utsett for eit datainnbrot, slik at brukarnamn og passord kjem i feil hender
Du har ein konto i ein nettbutikk. Ein person får tak i passordet ditt og loggar seg inn på kontoen din utan løyve. Då kan personen sjå personopplysningane dine og kan bruka kontoen til å bestilla varer i namn ditt
Ved hacking prøver nokon å skaffe seg tilgang til ein konto eller ei eining utan løyve. Ved svindel prøver nokon å lure deg til å gje frå deg informasjon eller pengar. Svindel kan nokre gonger føra til hacking, til dømes om du blir lurt til å avsløra passordet ditt.
Om nokon får tilgang til personopplysningane dine gjennom hacking, kan dei prøva å misbruka informasjonen. Dei kan til dømes prøve å få tilgang til bankkontoane dine, ta opp lån i namnet ditt eller stela pengar frå deg. Om du er utsett for, eller mistenker, identitetstjuveri, kan du aktivera ei kredittsperre. Då blir det vanskelegare for andre å ta opp lån eller søkje om kreditt i namnet.
For å vere godt sikra bør du registrera kredittsperre hos alle dei fire kredittopplysingsbyråa i Noreg:
Dun & Bradstreet
Experian
Creditsafe
Tietoevry
Det er gratis å aktivera og fjerna ei frivillig kredittsperre, og ho blir som regel aktiv kort tid etter at du har registrert den.
Ei kredittsperre gjer det vanskelegare for andre å ta opp lån eller kreditt i namnet ditt. Denne rettleiinga viser deg korleis du bestiller ei kredittsperre hos Dun & Bradstreet. Tenesta er gratis og er eit tiltak som kan sikra deg mot ID-tyveri og svindel.