Unngå at informasjon kjem i feil hender

Små grep vil gjera ein forskjell for å halda informasjonen din trygg.

photo-1526045612212-70caf35c14df.jpeg
📙

Nyttige ord

Ord

Forklaring

Unngå at informasjon kjem pi feil hender

Å verna kontoar og personlege opplysningar.

Sensitive opplysningar

Informasjon som ikkje skal delast med andre. Til dømes kodar, passord og tilgangar som krev at du brukar BankID.

Digital teneste

Ei teneste du brukar på internett eller på mobiltelefon, nettbrett eller datamaskin. Til dømes nettbank, Helsenoreg eller bestilling av legetime.

Passord

Ein hemmeleg kode som blir brukt når du loggar inn på ei digital teneste.

Brukar

Ein konto du opprettar for å bruka ei digital teneste.

Mobiltelefon

Ein berbar telefon med appar og internett.

Internett

Eit verdensomspennande nettverk som koplar datamaskiner, mobiltelefonar og nettbrett saman.

Hacking

Når nokon prøver å få tilgang til ein datamaskin, mobiltelefon eller ein digital konto utan løyve.

Svindel

Svindel er ei kriminell handling der nokon med vilje prøver å lura andre for å oppnå ein fordel. Ofte er målet å stela pengar.

Unngå at informasjon kjem i andre hender

Kvar dag deler vi informasjon når vi brukar digitale tenester. Vi loggar inn med passord, opprettar brukarar og lagrar personlege opplysningarmobiltelefonen og på internett. No skal du læra kva for gode grep du kan ta for å verna informasjonen din. Du får vita kvifor sterke passord er viktige, kva hacking eigentleg er, og korleis enkle rutinar gjer det vanskelegare for andre å få tilgang til kontoane og dei personlege opplysningane dine. Vil du redusera risikoen for svindel, er gode digital rutinar viktige.

Kakadu

Kakadu er leverandør i eit pilotprosjekt som Senteret for eit aldersvennleg Noreg og fire pilotkommunar på Sunnmøre gjennomfører for å styrkje kommunane sitt arbeid med digital rettleiing av innbyggjarar. Gjennom prosjektet utviklar og leverer Kakadu standardiserte og pedagogiske rettleiingar som kommunane kan teste ut i møte med innbyggjarar som treng støtte til å bruke digitale tenester.

Prosjektet skal bidra til meir tilgjengeleg, heilskapleg og brukarvenleg digital rettleiing, særleg for eldre og andre med avgrensa digitale ferdigheiter.

Saman for betre digital rettleiing i kommunane.