Fjord kommune
Unngå at informasjon kjem i feil hender / Hald orden på passorda dine

Hald orden på passorda dine

Det er vanskeleg å hugsa mange ulike passord. Mange vel difor å skriva dei ned i ei passordbok eller ei notatbok som blir oppbevart trygt heime, til dømes i ei skuff eller eit skap. Det er betre å skriva ned eller lagra sterke passord enn å bruka det same passordet overalt. Unngå å ha passorda liggjande i lommeboka eller veska. Viss dei blir borte, kan andre få tilgang til kontoane dine.

Telefonen kan hugsa passorda dine

Det kjem stadig nye løysingar som gjer det enklare å laga, lagra og bruka passord. Kva løysing du ønskjer å bruka, bestemmer du sjølv. Det viktigaste er at du kjenner til at desse hjelpemidla finst.

På iPhone kan telefonen laga sterke passord og lagra dei for deg. Når du skal logga inn, kan mobiltelefonen fylla inn passordet automatisk. Dette blir kalla autofyll og gjer det enklare å bruka ulike passord utan å måtta hugsa dei alle.

Mange brukar også ansiktsgjenkjenning. Då kan du låsa opp mobilen eller logga inn ved at mobiltelefonen kjenner att ansiktet ditt.

Tips: Passordbok

Det finst eigne notatbøker som er laga for å skriva ned passord og brukarnamn, men ei vanleg notatbok kan også fungera fint. Døme på ei passordbok finner du her.

default-fgLuQ15E-large.jpg