Lær korleis ei kredittsperre kan gjera det vanskelegare for andre å misbruka identiteten din.
Om nokon får tilgang til dei personlege opplysningane dine gjennom hacking, kan dei prøva å misbruka informasjonen. Dei kan til dømes prøva å få tilgang til bankkontoane dine, ta opp lån i namnet ditt eller stela pengar frå deg. Viss du er utsett for, eller mistenkjer, identitetstjuveri, kan du aktivera ei kredittsperre. Då blir det vanskelegare for andre å ta opp lån eller søkja om kreditt i namnet ditt.
For å vera godt sikra bør du registrera kredittsperre hos alle dei fire kredittopplysningsbyråa i Noreg: Dun & Bradstreet, Experian, Creditsafe og Tietoevry. Det er gratis å aktivera og fjerna ei frivillig kredittsperre, og ho blir som regel aktiv kort tid etter at du har registrert henne.
Ei kredittsperre gjer det vanskelegare for andre å ta opp lån eller kreditt i namnet ditt. Denne rettleiinga viser deg korleis du bestiller ei kredittsperre hos Dun & Bradstreet. Tenesta er gratis og er eit tiltak som kan sikra deg mot identitetstjuveri og svindel.