
Ord | Forklaring |
|---|---|
Digital teneste | Ei teneste du brukar på internett eller på mobiltelefon, nettbrett eller datamaskin. |
Digital inkludering | Handlar om at alle får høve til å delta digitalt, uansett erfaring og nivå. |
Mange kjenner på uvisse, frustrasjon eller stress når noko digitalt ikkje fungerar som venta. Kanskje har du trykt feil før, vore redd for å gjera noko gale eller opplevd at ting gjekk for fort. Slike opplevingar kan gjera at ein kvir seg for å prøva igjen. For nokon kan dette føra til at digitale tenester kjennest utrygge, vanskelege eller slitsame å bruka. Då er det lett å kjenne seg utanfor i eit samfunn der stadig fleire tenester blir digitale.
Digital inkludering handlar om at alle får høve til å delta digitalt, uansett erfaring og nivå. Det handlar ikkje om å kunne alt, men om å få støtte, tid og rettleiing til å læra i brukaren sitt eige tempo. Målet er å gjera brukaren trygg på det digitale. Når brukaren opplever meistring, sjølv med små steg, blir det ofte lettare å prøva på ny. Mange opplever at blir brukaren tryggare litt etter litt, og at det som virka vanskeleg i går, blir enklare med øving og støtte på læringsvegen.
Om lag 850 000 nordmenn er digitalt sårbare og kan oppleva utfordringar med digitale tenester
(Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, 2024)