Fjord kommune
Kom i gang med mobiltelefon / Kva er ein app?

Kva er ein app?

Det meste du gjer på ein mobiltelefon (smarttelefon), skjer gjennom det vi kallar appar.

pexels-asphotography-887751.jpg
📙

Nyttige ord

Ord

Forklaring

App

Eit program du lastar ned til mobilen eller nettbrettet for å utføra bestemte oppgåver, til dømes Vipps eller NRK.

Mobiltelefon

Ein berbar telefon med appar og internett.

Nettbrett

Ein berbar skjerm du kan styra med fingrane. Han er større enn ein mobiltelefon og mindre enn ein datamaskin.

Ikon

Eit lite symbol du trykkjer på for å opne ein app eller utførea ei handling. Ikon kan sjå litt ulike ut i ulike digitale tenester. Til dømes betyr eit hus ofte «heim», og ei pil betyr «tilbake».

Laste ned

Å hente ein app, eit bilete eller ei fil frå internett og lagre det på eininga di, slik at du kan bruke det.

Ein app er eit lite program på mobiltelefonen eller nettbrettet ditt som hjelper deg med ulike oppgåver.

Du kan bruke appar til mange ulike ting i kvardagen. Her er nokre døme:

Sende meldingar

Lese nyheiter

Sjekke vêret

Bruke nettbank

Bestille bussbillett

Høyre på musikk eller podkast

Kvar app har sitt eige ikon, som du kan trykkje på for å opna han. Mange appar følgjer med mobiltelefonen når du kjøper telefonen, mens andre kan lastast ned seinare dersom du ønskjer det.

app-icon-cloud.jpeg

Det er tusenvis av appar, men du treng berre å lære dei du har nytte av i kvardagen. Når du blir trygg på dei, blir det òg lettare å prøva nye appar etter kvart.

Rettleiing: Slik lastar du ned ein app på iPhone eller iPad

Denne rettleiinga viser korleis du lastar ned ein app på iPhone. Framgangsmåten er nesten den same på ein iPad. Den største skilnaden er at skjermen er større, og at knappane og innhaldet kan vere plasserte litt annleis.