Kom i gang med mobiltelefon

Mobiltelefonen kan hjelpe deg med mange kvardagsoppgåver.

Vårbilde frå Linge.JPG
📙

Nyttige ord

Ord

Forklaring

Mobiltelefon

Ein bærbar telefon med appar og internett.

Internett

Eit verdensomspennande nettverk som koplar einingar samen.

Tekstmelding (SMS)

Ei kort melding som blir sendt mellom mobiltelefonar for å kommunisera. Den kan innehalda tekst, lenker eller bilde. Tekstsmelding blir ofte brukt til å gi meldingar eller eller å dela informasjon. SMS står for Short Message Service.

Digital teneste

Ei teneste du brukar på internett eller på mobil, nettbrett eller datamaskin.

App

Ei program du lastar ned til mobilen eller nettbrettet for å utføra bestemte oppgåver, foreksempel Vipps eller NRK.

Mobildata

Internett gjennom eit mobilabonnement.

QR-kode

Ein kode som du kan skanne med eit kamera.

Varsling

Ein liten beskjed fra en app.

Målet er ikkje å kunne alt, men å bli litt tryggare

Mobiltelefonen (smarttelefon) kan hjelpe deg med mange oppgåver i kvardagen. Du kan sende meldingar, ta bilete, finna informasjon på internett, halda kontakt med familie og vener, bruka banken eller bestilla bussbillettar. Alt dette kan du gjera frå ein liten skjerm i handa.

For mange kan det vera overveldande å læra og bli introdusert for det den digistale verda kan løyse. Det er heilt normalt. Derfor tek vi det steg for steg og i eit roleg tempo. Det er lov å spørja om akkurat det brukaren lurer på, også fleire gonger.

Målet er ikkje å kunna alt, men å bli litt tryggare og oppleva meistring undervegs. Saman skal vi øve på vanlege oppgåver du kan bruka mobiltelefonen til i kvardagen. Undervegs forklarer vi omgrep og viser korleis telefonen fungerar, slik at du blir tryggare på å bruka han.

I ei undersøking gjennomført av Elkjøp svarar ein av fire i Norden at dei har familiemedlemmer som ikkje veit korleis dei brukar mobiltelefon eller internett. (Kjelde: Teknotrøbbelrapport 2022)

terese-moen.jpeg
“Den digitale verda gir oss høve til å halde kontakt, finne informasjon og meistre kvardagen på nye måtar. Samtidig veit vi at mange er usikre når teknologien endrar seg raskt. Difor er dette arbeidet så viktig, fordi digital inkludering handlar om å gjera folk trygge og dermed meistring og grunnlag for deltaking for alle.”
- Terese Jemtegård Moen, ordførar i Fjord kommune

Kakadu

Kakadu er leverandør i eit pilotprosjekt som Senteret for eit aldersvennleg Noreg og fire pilotkommunar på Sunnmøre gjennomfører for å styrkje kommunane sitt arbeid med digital rettleiing av innbyggjarar. Gjennom prosjektet utviklar og leverer Kakadu standardiserte og pedagogiske rettleiingar som kommunane kan teste ut i møte med innbyggjarar som treng støtte til å bruke digitale tenester.

Prosjektet skal bidra til meir tilgjengeleg, heilskapleg og brukarvenleg digital rettleiing, særleg for eldre og andre med avgrensa digitale ferdigheiter.

Saman for betre digital rettleiing i kommunane.

Dette skal du bli kjend med:

Bli tryggare på å bruka mobiltelefonen i kvardagen

Læra vanlege ord og omgrep som blir brukte når du tek i bruk digitale tenester og mobiltelefonen

Kunne send og les ei tekstmelding (SMS)

Kunne ta bilete og finna dei att etterpå

Forstå kva ei app er, og kva appar blir brukte til

Vite skilnaden mellom wifi og mobildata

Kunne bruka internett til å søkje etter informasjon

Kunne skanne ein QR-kode

Forstå korleis varslingar fungerar

Vite kvar du kan få hjelp dersom du står fast

Oppleva meistring og bli meir motivert til å prøva nye digitale løysingar