For å bruka internett på mobiltelefonen treng du anten WiFi eller mobildata. Her lærer du kva skilnaden er, og kva tid du brukar desse løysingane.

Ord | Forklaring |
|---|---|
Internett | Eit verdsomspennande nettverk som koplar saman datamaskiner, mobiltelefonar og nettbrett. |
WiFi (trådlaust nett) | Internett du koplar deg til utan å bruka mobildata. |
Mobildata | Internett som telefonen får gjennom mobilabonnementet når du ikkje er kopla til WiFi. |
Mobilabonnement | Avtalen du har med eit mobilselskap, som gir deg tilgang til å ringa, senda SMS og bruka mobildata. |
Trådlaust nettverk | Eit nettverk utan ledning som gir tilgang til internett. |
Nettside | Ei side på internett som du kan opna, lesa eller bruka. |
App | Eit program du lastar ned til mobilen eller nettbrettet for å utføra bestemte oppgåver, til dømes Vipps eller NRK. |
GPS | Hjelper mobilen med å finna kvar du er og visa vegen på kart. |
Kart | Ei teneste som viser vegar, stader og kor du er. |
Signal | Viser kor god tilkopling mobilen har til internett eller mobilnettet. |
Mange synest det er vanskeleg å forstå skilnaden på internett, WiFi og mobildata. Det er heilt normalt. Orda blir ofte brukte om kvarandre, sjølv om dei betyr ulike ting. Her forklarar vi skilnaden.
Nesten ein av tre synes teknobabbel er svært komplisert, og det bidrar til at det er vansklig å halda tritt med utviklinga.
Internett er det som gjer at du kan bruka nettsider, appar, nettbank, lesa aviser eller sjå videoar på mobilen og nettbrettet. Du kan tenkja på internett som sambandet som gjer at telefonen din kan henta informasjon og tenester frå nettet.
WiFi er ein måte å kopla seg til internett på. Heime har mange eit trådlaust nettverk som mobilen koplar seg til automatisk. Du finn òg WiFi på stader som bibliotek, hotell, kafear og sjukeheimar. Når du brukar WiFi, treng du ikkje bruka mobildata frå abonnementet ditt.
Mobildata er ein måte å kopla mobiltelefonen til internett på gjennom mobilabonnementet ditt. Då kan du bruka internett sjølv om du ikkje er kopla til WiFi.
Det er nyttig når du er på farten. Med mobildata kan du til dømes:
kjøpa buss- eller togbillett
lesa nyheiter
bruka kart og GPS
senda meldingar og bilete
søkja etter informasjon når du treng det
Viss mobilen ikkje er kopla til WiFi, brukar han vanlegvis mobildata automatisk. Derfor er det lurt å vita kor mykje mobildata som er inkludert i mobilabonnementet ditt.
Er du usikker på kor mykje mobildata som er inkludert i abonnementet ditt? Ring mobilselskapet ditt, eller be nokon du stolar på om å sjekka det for deg.
Du treng ikkje huska alle orda eller forstå alt det tekniske. Det viktigaste er å kjenna att nokre enkle ting i kvardagen.
Heime brukar mobilen ofte WiFi
Når du er ute, brukar mobilen ofte mobildata
Mobildata gjer at kart, bussbillettar, meldingar og appar framleis fungerer når du ikkje har WiFi
Ser du WiFi-symbolet på mobilen, brukar du WiFi.
Ser du 4G eller 5G, brukar du mobildata.
Det held lenge å kjenna att dette i praksis.
Finn ut om mobilen din brukar WiFi eller mobildata akkurat no.
Sjå øvst på skjermen på mobilen
Ser du eit WiFi-symbol? Då brukar du WiFi
Ser du 4G eller 5G? Då brukar du mobildata