Med mobiltelefonen kan du ta vare på minne frå kvardagen. Du kan ta bilete eller film av familien, kjæledyret ditt, ein fin blom eller noko anna du har lyst til å ha eit minne om.

Ord | Forklaring |
|---|---|
Kamera-appen | Appen du brukar til å ta bilete og video. |
Ikon | Eit lite symbol du trykkjer på for å opne ein app eller utføra ei handling. Ikonet kan sjå litt ulike ut i ulike digitale tenester. Til dømes betyr eit hus ofte «heim», og ei pil betyr «tilbake». |
App | Eit program du lastar ned til mobilen eller nettbrettet for å utføra bestemte oppgåver, til dømes Vipps eller NRK. |
Mobiltelefon | Ein berbar telefon med appar og internett. |
Selfie | Eit bilete du tek av deg sjølv med mobiltelefonen, vanlegvis med kameraet på framsida av telefonen. |
Kamera-appen er ein av dei mest brukte appane på mobiltelefonen. Han kan sjå litt ulik ut, avhengig av kva slags telefon du har, men ikonet liknar som regel på eit kamera eller ei kameralinse. Kameraikonet er eit symbol du vil kjenne att på dei fleste mobiltelefonar når du skal ta bilete.
I Kamera-appen kan du ta bilete, spele inn video og gjere enkle justeringar, som å bruke blits eller zoome inn og ut. Appen har mange knappar og innstillingar, men i starten er dette det viktigaste å vita:
Den store, runde knappen nedst på skjermen blir brukt til å ta eit bilete. På mange mobiltelefonar kan du òg halda knappen inne for å starta eit videoopptak. Når du slepp knappen, stoppar opptaket.

Viss du vil ta ein selfie eller bruka kameraet slik at du kan sjå deg sjølv, kan du byta mellom kameraet framme og kameraet bak. Det gjer du ved å trykkja på knappen med to piler som dannar ein sirkel. Du kan når som helst byta tilbake.

Alle bileta og videoane du tek, blir automatisk lagra i Bilete-appen eller Album-appen. Du treng derfor ikkje lagra dei sjølv før du lukkar Kamera-appen.

Det er heilt normalt å trykkja litt feil når du brukar kameraet. Du kan ta så mange bilete du vil, og sletta dei du ikkje ønskjer å ta vare på. Øving gjer mester, desto enklare blir det å bruka kameraet.