Fjord kommune
Kom i gang med mobiltelefon / Slik handterer du varslingar (slå dei av eller på)

Slik handterer du varslingar (slå dei av eller på)

Varslingar hjelper deg med å få med deg det som er viktig. Du bestemmer sjølv kva varslingar du vil ta imot.

IMG_4995.JPG
📙

Nyttige ord

Ord

Forklaring

Varsling

Ei melding frå ein app som gir deg informasjon eller minner deg om noko.

Mobiltelefon

Ein berbar telefon med appar og internett.

Tekstmelding (SMS)

Ei kort melding som blir send mellom mobiltelefonar for å kommunisera. Ho kan innehalda tekst, lenkjer eller bilete, og blir ofte brukt til å gi beskjedar eller dela informasjon. SMS står for Short Message Service.

App

Eit program du lastar ned til mobilen eller nettbrettet for å utføra bestemte oppgåver, til dømes Vipps eller NRK.

Låseskjerm

Skjermen du ser før du låser opp mobilen.

Banner

Ei varsling som blir vist øvst på skjermen.

Varslingssenter

Ei oversikt over varslingane du har teke imot.

Kva er varslingar?

Varslingar er små meldingar som dukkar opp på mobiltelefonen eller nettbrettet. Dei kjem frå ulike appar eller frå mobilen din og fortel at noko nytt har skjedd eller skal skje. Du kan tenkja på ei varsling som eit lite «bank på døra». Ho fortel deg at noko har skjedd, utan at du treng å opna appen.

Ei varsling kan til dømes fortelja deg:

at du har fått ei tekstmelding (SMS)

at nokon har ringt deg

at du har teke imot ein e-post

at banken har sendt deg viktig informasjon

at du har ei påminning om ein avtale

Varslingar kan hjelpa deg med å halda oversikt i kvardagen. Dei gir deg beskjed når noko treng merksemda di. Samstundes er ikkje alle varslingar like viktige. Nokre appar sender reklame eller andre meldingar som du kanskje ikkje ønskjer.

Viss mobilen stadig lagar lyd eller lyser opp skjermen, kan det bli mange avbrot i løpet av dagen. Derfor er det lurt å vita korleis du kan slå varslingar av og på.

To måtar å endra varslingar på

Du kan når som helst slå varslingar av eller på. Vel dei varslingane som er nyttige for deg, og slå av dei du ikkje har behov for.

Det er to måtar å gjera dette på:

1. Slå av varslingar direkte frå ei varsling

Denne metoden brukar du når du får ei varsling, til dømes på låseskjermen, og vil stoppa fleire varslingar frå den same appen. Dette er den raskaste måten å dempa eller slå av varslingar på, utan å leita i Innstillingar. Sjå rettleiinga for dette alternativet lenger nede.

2. Sjå og endra alle varslingar i Innstillingar-appen

Denne metoden viser ei oversikt over alle appane på telefonen. Her kan du velja kva appar som får senda varslingar til nrukaren, og endra korleis dei blir viste, til dømes på låseskjermen, som banner eller med lyd. Dette gir deg meir kontroll over alle varslingane på telefonen. Sjå rettleiing for alternativ 2 heilt nederst på sida.

Kva er skilnaden?

Skilnaden ligg berre i kva metode du brukar for å fortelja telefonen kva du ønskjer å gjera. Nokon likar å endra varslingar direkte frå ei varsling når ho dukkar opp, medan andre likar å bruka Innstillingar-appen for å få oversikt over alle appane på telefonen.

Rettleiing: Slå av varslingar frå ei app

Denne rettleiinga viser korleis du kan slå av varslingar frå ein app til iPhonen. Du gjer det direkte frå ei varsling som blir vist på skjermen, utan å gå inn i Innstillingar.

Rettleiing: Sjå og endra alle varslingar i Innstillingar

I denne rettleiinga viser vi korleis du finn oversikta over alle appane på ein iPhone og bestemmer kva for appar som får senda deg varslingar. Dette er ei god løysing viss du ønskjer å få oversikt eller endra varslingane for fleire appar samtidig.