Fjord kommune

QR-kode

Det tek berre nokre sekund å skanna ein QR-kode, og det kan spara deg for både tid og tastetrykk.

pexels-vlada-karpovich-4939605.jpg
📙

Nyttige ord

Ord

Forklaring

QR-kode

Ein firkanta kode som du kan skanna med kameraet for å opna ei nettside eller få informasjon.

Skanne

Å skanna betyr å retta kameraet på mobilen mot ein QR-kode, slik at mobilen kan lesa han og opna det som koden peikar til.

Digital tjeneste

Ei teneste du brukar på internett eller på mobiltelefon, nettbrett eller datamaskin. Til dømes nettbank, Helsenorge eller bestilling av legetime.

Nettadresse

Adressa til ei nettside på internett. Du skriv ho inn i nettlesaren for å opna ei bestemt nettside.

Kva er ein QR-kode?

For mange kan QR-kodar verka framande og litt mystiske første gong.

Ein QR-kode ser ofte ut som ein firkant med svarte og kvite mønster, men han kan også ha andre fargar eller sjå litt annleis ut. Dette er som regel berre av estetiske grunnar og påverkar ikkje korleis QR-koden fungerer. QR-kodar blir brukte for å gi deg rask tilgang til informasjon eller digitale tenester. I staden for å skriva inn ei lang nettadresse, kan du skanna QR-koden med kameraet på mobilen.

Du kan finna QR-kodar mange stader i kvardagen. Dei blir til dømes brukte på restaurantar, der du kan skanna koden for å sjå menyen på mobilen eller bestilla.

Visste du at..

Nærare 4 av 10 i Norden veit ikkje kva ein QR-kode er, eller korleis han blir brukt (Kilde: https://kundeavis.elkjop.no/elkjoepfondet/Teknotrobbelrapport/)

Rettleiing: Kva er ein QR-kode, og korleis fungerer han?

I denne rettleiinga forklarar vi kva ein QR-kode er, korleis du kan «skanna» han med mobilkameraet eller ein QR-app, og gir døme på kva QR-kodar blir brukte til.

💡

Oppgåve:

Skann QR-koden ved å bruka mobilkameraet ditt.

kakadu-no-qr-code.png

Kva nettside kjem du til? (Hint: Denne QR-koden fører til fleire rettleiingar hos Kakadu.no)