Fjord kommune
Kom i gang med mobiltelefon / Kva er ei tekstmelding (SMS), og korleis sender du ho?

Kva er ei tekstmelding (SMS), og korleis sender du ho?

Mange avtalar og meldingar blir sende på SMS i dag. Derfor er det nyttig å vita korleis du sender og les dei.

pexels-kampus-6838552.jpg
📙

Nyttige ord

Ord

Forklaring

Tekstmelding (SMS)

Ei kort melding som blir send mellom mobiltelefonar for å kommunisere. Ho kan innehalde tekst, lenkjer eller bilete, og blir ofte brukt til å gi meldingar eller dela informasjon. SMS står for Short Message Service.

Mobiltelefon

Ein berbar telefon med appar og internett.

Mobilnummer

Nummeret du bruker til å ringje, ta imot samtalar og sende eller ta imot tekstmeldingar (SMS).

WiFi (trådlaust nett)

Internett du koplar deg til utan å bruke mobildata.

Abonnement

Ei avtale der du betalar jamleg for ei teneste eller eit produkt.

Internett

Eit verdsomspennande nettverk som koplar saman datamaskiner, mobiltelefonar og nettbrett.

Mobilabonnement

Avtala du har med eit mobilselskap, som gir deg tilgang til å ringe, sende SMS og bruke mobildata.

Mobildata

Internett som telefonen får gjennom mobilabonnementet når du ikkje er kopla til WiFi.

Kontakt

Ein person du har lagra med namn og mobilnummer m.m. på telefonen.

App

Eit program du lastar ned til mobilen eller nettbrettet for å utføra bestemte oppgåver, til dømes Vipps eller NRK.

Kva er ei tekstmelding (SMS)?

SMS står for Short Message Service, som betyr kort meldingsteneste. Ei SMS er ei tekstmelding du sender frå ein mobiltelefon til ein annan ved hjelp av eit mobilnummer. Ei tekstmelding er ein rask måte å senda korte meldingar til andre på. Mange brukar SMS for å avtala eit møte, seia at dei er på veg eller senda ei hyggeleg helsing til familie og vener.

For å sende ei SMS treng du:

Ein mobiltelefon

Mobilnummeret til personen du vil sende melding til

Når du skriv ei melding og trykkjer på «Send», kjem ho som regel fram i løpet av nokre sekund. Du kan òg ta imot svar i den same samtalen. Å kunne senda tekstmeldingar er nyttig i kvardagen og gjer det lettare å halda kontakt med familie, vener, legekontoret, kommunen og andre du har avtalar med.

Ulike måtar å senda meldingar på

Det finst fleire måtar å senda meldingar med ein mobiltelefon på. I denne rettleiinga brukar vi Meldingar-appen på iPhone. Appen kan senda meldingar til mobilnummer, og dei fleste mobilabonnement i Noreg inkluderer eit uavgrensa tal på SMS-ar.

Du kan òg sende meldingar i andre appar, til dømes Messenger, WhatsApp eller Snapchat. Desse brukar internett, anten via WiFi eller mobildata. Begge personane må ha den same appen installert for å kunne senda meldingar til kvarandre.

Sjølv om meldingane kan sjå ganske like ut, blir dei sende på ulike måtar. I denne rettleiinga lærer du korleis du brukar Meldingar-appen på iPhone til å senda og ta imot meldingar.

Rettleiing: Slik sender du ei tekstmelding (SMS)