Fjord kommune
Sjølvforsvar mot svindel / Har du blitt svindla?

Har du blitt svindla?

Kjensler som skam og frykt gjer at mange held svindelen for seg sjølve. Å snakka med nokon du stolar på, kan vera det første steget vidare.

photo-1531067332586-ffe9e4d49477.jpeg

Foto: Unsplash

📙

Nyttige ord

Ord

Forklaring

Svindel

Svindel er ei form for kriminalitet der nokon med vilje prøver å lura andre for å oppnå ein fordel. Ofte er målet å stela pengar.

BankID

Den personlege legitimasjonen din på internett. Med BankID kan du stadfesta kven du er og logga inn på digitale tenester på ein trygg måte.

Sperra kort

Å sperra eit bankkort, slik at det ikkje kan brukast til betaling eller uttak. Dette er vanleg viss du har mista bankkortet eller blitt utsett for svindel.

Personopplysningar

Informasjon som kan brukast til å identifisera deg, til dømes namn, adresse, telefonnummer, fødselsnummer eller bankopplysningar.

Tekstmelding (SMS)

Står for Short Message Service, som betyr kortmeldingsteneste. Ein SMS er ei tekstmelding som blir send til eit mobilnummer gjennom mobilnettet.

Sosiale medium

Digitale tenester der du kan halda kontakt med andre, dela bilete og meldingar, og følgja med på det som interesserer deg.

Skam og svindel heng ofte saman

Når du lærer å kjenna igjen teikn på svindel, blir det lettare å oppdaga faresignal. Gode vanar kan redusera risikoen for å bli lurt, men ingen er heilt verna mot svindel. Svindlarar er dyktige til å manipulera og utnytta tillit, og dei finn stadig nye måtar å lura folk på.

Å bli utsett for svindel handlar ikkje om intelligens eller evne. Dette er kriminalitet, og kven som helst kan bli råka. Det kjennest ofte vondt og flaut å oppdaga at du har blitt lurt. Mange kjenner på skam, men det er viktig å hugsa at ansvaret alltid ligg hos svindlaren.

Det er lett å tenkja at ein burde ha oppdaga svindelen, men også forsiktige og erfarne menneske kan bli lurte. Ved å snakka med nokon du stolar på, kan du få støtte, råd og hjelp til å handtera situasjonen.

Den gode nyheita er at kunnskap gjer ein forskjell. Med nokre enkle hugsereglar blir det lettare å kjenna igjen svindel og vanskelegare for svindlarar å lukkast.

🤚

Heile 1 av 4 har opplevd svindel

Éin av fire eldre har opplevd digital svindel, viser ei undersøking omtalt av Pensjonistforbundet. Det viser at svindel kan råka kven som helst, og at konsekvensane kan vera store både økonomisk og menneskeleg.

Kjelde: Pensjonistforbundet, 2025.

Kva gjer du viss du blir utsett for svindel?

1. Ring banken din

Det er viktig å ta kontakt med banken så raskt som mogleg. Banken kan sperra kort og kontoar som kan vera utsette for misbruk, slik at du reduserar risikoen for å mista pengar.

Banken kan hjelpa deg med å:

Sperra kort og kontoar.

Undersøkja om betalinga kan stoppast eller om pengane kan hentast tilbake.

Vurdera om du har rett til å få dekt heile eller delar av tapet ditt.

Rask kontakt med banken aukar sjansen for å avgrensa tapet og få pengane tilbake.

2. Få oversikt over kva som har skjedd

Skriv ned det du hugsar:

Kva opplysningar kan svindlarane ha fått tak i, til dømes kortnummer, BankID eller innloggingsinformasjon?

Har du vore i kontakt med svindlarane? Skjedde det på tekstmelding, e-post, telefon eller i sosiale medium?

Ser du at det manglar pengar på kontoen, eller at det har skjedd betalingar du ikkje kjenner igjen?

Jo meir du veit, desto lettare blir det å få hjelp.

3. Meld frå til politiet

Meld svindelen til politiet så raskt som mogleg. Tid er avgjerande.

Du kan gjera det digitalt på politiet.no eller ved å møta opp på næraste politistasjon.

Ta med mobilen, nettbrettet eller datamaskina du brukte då du blei utsett for svindelen. Har du skjermbilete av meldingar, e-postar eller annan kommunikasjon med svindlarane, bør du ta dei med. Det gjer det lettare for politiet å sikra digitale spor og undersøkja saka.

4. Ikkje vent

Har du mistanke om svindel, er det viktig å handla raskt. Ein rask reaksjon kan gjera ein stor forskjell og auka sjansen for å avgrensa tapet.

Ta kontakt med banken med ein gong, og meld svindelen til politiet så snart du kan.