Fjord kommune
Sjølvforsvar mot svindel / Kjærleikssvindel

Kjærleikssvindel

Eit venskap eller eit kjærleiksforhold på internett er ikkje alltid kva det gir seg ut for å vera.

kjærlighetssvindel.jpg
📙

Nyttige ord

Ord

Forklaring

Kjærleikssvindel

Svindel der nokon latar som dei ønskjer eit romantisk forhold før dei svindlar deg.

Sosiale medium

Digitale tenester der du kan halda kontakt med andre, dela bilete og meldingar, og følgja med på det som interesserer deg.

Falsk profil

Ein profil der nokon gir seg ut for å vera ein annan.

Datingside

Ei nettside eller ein app der menneske kan bli kjende med andre og finna ein romantisk partnar eller kjærast.

Kva er kjærleikssvindel?

Kjærleikssvindel er når ein svindlar byggjer eit romantisk forhold eller eit nært vennskap for å lura deg til å senda pengar eller dela personlege opplysningar. Svindlarar lagar ofte falske profilar på datingsider og sosiale medium. Dei brukar stolne bilete og videoar for å verka truverdige. Først byggjer dei tillit over tid. Deretter finn dei på ei historie og ber om pengar eller annan hjelp.

Korleis kjenner du igjen kjærleikssvindel?

Personen ønskjer raskt å bli godt kjend med deg

Personen vil flytta samtalen til ein annan app

De har aldri møtt kvarandre fysisk

Personen finn stadig unnskyldningar for hindra personleg møte

Samtalen byrjar å handla om pengar

Personen ber deg halda forholdet hemmeleg

Praktisk døme

Kari blir kjend med ein mann på ei datingside. Dei snakkar saman kvar dag, deler bilete og blir godt kjende. Etter nokre månader seier han at han gjerne vil besøka henne. Like før reisa fortel han at han har fått eit akutt problem: Bankkortet fungerer ikkje, eller han manglar pengar til reisa – og spør om ho kan låna han pengar. Han lovar å betala tilbake så snart dei møtest. Når pengane er sende, blir det stille. Besøket skjer aldri, og mannen forsvinn.

Kjærleikssvindel har fått stor merksemd gjennom dokumentarar og filmar, mellom anna Netflix-dokumentaren The Tinder Swindler. Der fortel norske Cecilie Fjellhøy historia si. I dag er ho ein viktig talsperson som bidreg til å skapa større innsyn ogmedvit om kjærleikssvindel – og minner oss om at dette kan råka kven som helst.

Kva bør du gjera?

Send aldri pengar til nokon du berre kjenner frå internett, uansett kor lenge de har hatt kontakt

Ver skeptisk viss personen stadig finn unnskyldningar for å unngå videosamtalar eller å møtast

Avslutt kontakten viss personen ber om eller pressar deg til å senda pengar. Det er eit tydeleg teikn på svindel

Snakk med nokon du stolar på om relasjonen. Ein utanforståande kan ofte oppdaga teikn du sjølv ikkje ser