Ikkje alt du ser på sosiale medium, er ekte eller sant.

Foto: Unsplash
Ord | Forklaring |
|---|---|
Sosiale medium | Digitale tenester der du kan halda kontakt med andre, dela bilete og meldingar, og følgja med på det som interesserer deg. |
Svindel på sosiale medium | Når svindlarar brukar sosiale medium for å lura deg til å gi frå deg pengar eller personlege opplysningar. |
Digital teneste | Ei teneste du brukar på internett eller på mobiltelefon, nettbrett eller datamaskin. Til dømes nettbank, Helsenorge eller bestilling av legetime. |
Annonse | Eit betalt innlegg som skal få deg til å kjøpa noko eller besøka ei nettside. |
Falsk nettside | Ei nettside som er laga for å lura deg. |
Falsk profil | Ein profil der nokon gir seg ut for å vera ein annan. |
Klarna | Eit betalingsselskap som gjer det mogleg å betala med ein gong, seinare eller dela opp betalinga når du handlar på internett. |
Sosiale medium er digitale tenester der folk kan kommunisera med kvarandre. Her kan du halda kontakt med familie og venner, senda meldingar, dela bilete og videoar og følgja personar, organisasjonar og tema du er interessert i.
Døme på sosiale medium er:
Messenger
TikTok
Snapchat
Hudd (laga i Noreg)
Svindel på sosiale medium er når svindlarar brukar sosiale medium som Facebook, Instagram eller Messenger for å lura deg til å gi frå deg pengar, personlege opplysningar eller tilgang til kontoane dine. Dei kan senda meldingar, kommentera innlegg eller visa annonsar som ser ekte ut. Målet er ofte å få deg til å trykkja på ei lenkje, oppgi opplysningar eller overføra pengar.
Nokre svindlarar gir seg ut for å vera ein ven, ei verksemd eller ein kjend person. Andre lokkar med investeringar, gode tilbod eller freistande premiar som verkar for gode til å vera sanne. Kunnskap gjer det lettare å kjenna igjen svindel og ta trygge, informerte val. Stopp opp og tenk deg om før du trykkjer på lenkjer eller svarer på meldingar frå personar du ikkje kjenner.
Svindlarar veit at dei fleste lettare stolar på nokon som ser ekte ut. Difor lagar dei ofte falske profilar eller falske nettsider som verkar truverdige.
Slik får dei profilar og nettsider til å sjå ekte ut:
Deler mange bilete og personlege opplysningar.
Har vener, følgjarar og innlegg som får profilen til å verka ekte.
Gir seg ut for å vera ei kjend verksemd eller ein offentleg etat.
Kopierar logoar, bilete og tekst frå kjende verksemder.
Lagar annonsar og nettsider som ser ekte ut.
At ein profil ser ekte ut, betyr derfor ikkje nødvendigvis at han er det. Ver ekstra varsam viss nokon ber om pengar, personlege opplysningar eller ber deg trykkja på ei lenkje. Eit øyeblikks ettertanke kan vera nok til å avsløra svindelen.
Ifølgje ei undersøking frå betalingsselskapet Klarna kan rundt 300 000 nordmenn ha blitt lurte av ein falsk nettbutikk i løpet av det siste året.
Her er sju nyttige punkt som kan hjelpa deg med å vurdera om innhaldet du ser på sosiale medium, som Facebook, Instagram og TikTok, er truverdig.