Fjord kommune

Phishing

Phishing handlar om å lura deg til å gi frå deg opplysningar som kan misbrukast.

phishing.jpg
📙

Nyttige ord

Ord

Forklaring

Phishing

Når nokon prøver å lura deg til å gi frå deg opplysningar som kan misbrukast.

Innloggings- og betalingsopplysningar

Opplysningar du aldri skal dela med andre, til dømes passord, BankID-kodar, eingongskodar og kortinformasjon.

Lenkje

Tekst eller ein knapp du kan trykkja på for å opna ei nettside eller anna innhald.

Falsk nettside

Ei nettside som er laga for å lura deg.

E-post

Ei digital melding som blir send og teken imot over internett.

Kva er phishing?

Ordet phishing kjem frå det engelske ordet fishing (å fiska). Svindlaren prøver å «fiska» etter opplysningar frå deg.

Phishing er ein type svindel der nokon prøver å lura deg til å gi frå opplysningar, som:

Passord

Brukarnamn

Kredittkortnummer

Bankkortinformasjon

BankID-opplysningar

Personnummer

Får du ei slik førespurnad, bør du alltid stoppa, tenkja og sjekka!

Kvar skjer phishing?

Phishing kan skje på fleire måtar. Svindlarar kan prøva å lura deg gjennom:

Tekstmeldingar (SMS)

E-post

Telefonsamtalar

Sosiale medium

Falske nettsider

Døme på phishing

Du får ei tekstmelding som ser ut til å koma frå banken. «Kontoen din er sperra. Klikk her for å stadfesta identiteten din.»

bilde3.png

Lenkja fører til ei falsk nettside som ser ekte ut. Viss du loggar inn med BankID eller skriv inn passordet ditt, kan svindlarane stela opplysningane dine.

⭐

Visste du at?

Phishing er ein av dei mest brukte svindelmetodane på internett. Sju av ti verksemder har blitt utsette for phishing-forsøk.

Korleis kjenner du igjen phishing?

Sjå etter desse teikna:

Meldinga skaper stress eller hastverk

Du blir beden om å klikka på ei lenkje

Du blir beden om å oppgi BankID, passord eller andre opplysningar

Svindlarar brukar ofte namnet til ei kjend verksemd eller offentleg etat for å verka truverdige

Verkar tilbodet for godt til å vera sant? Då er det ofte det

Meldinga kan ha skrivefeil, dårleg språk eller formuleringar som verkar unaturleg

Kva bør du gjera?

Ikkje klikk på lenkjer i tekstmeldingar du er usikker på

Oppgi aldri BankID, passord eller andre opplysningar

Er du usikker, ikkje bruk lenkja i tekstmeldinga. Gå heller til verksemda si nettside sjølv eller ring telefonnummeret du finn der