Eit telefonnummer kan vera falskt, sjølv om det ser ekte ut. Svindlarar kan få telefonnummeret sitt til å sjå ut som om det tilhøyrer nokon andre.

Foto: Pexels.
Ord | Forklaring |
|---|---|
Telefonsvindel | Når svindel skjer over telefon. |
Nummerforfalsking (spoofing) | Når svindlarar får telefonnummeret sitt til å sjå ut som om det tilhøyrer nokon andre. |
Sensitive opplysningar | Informasjon som ikkje skal delast med andre. Til dømes kodar, passord og tilgangar som krev at du brukar BankID. |
Personopplysningar | Informasjon som kan brukast til å identifisera deg, til dømes namn, adresse, telefonnummer, fødselsnummer eller bankopplysningar. |
BankID | Den personlege legitimasjonen din på internett. Med BankID kan du stadfesta kven du er og logga inn på digitale tenester på ein trygg måte. |
Nettside | Ei side på internett som du kan opna, lesa eller bruka. |
Fil | Noko som er lagra på mobilen eller datamaskina, til dømes eit bilete, eit dokument eller ein video. |
App | Eit program du lastar ned til mobilen eller nettbrettet for å utføra bestemte oppgåver, til dømes Vipps eller NRK. |
Lenkje | Tekst eller ein knapp du kan trykkja på for å opna ei nettside eller anna innhald. |
Telefonsvindel er når ein svindlar ringjer deg og gir seg ut for å vera nokon annan for å lura deg til å gi frå deg pengar, personopplysningar eller tilgang til kontoane dine. Svindlaren kan til dømes lata som om han ringjer frå banken, politiet, ein offentleg etat eller eit kjent selskap du stolar på.
Dette blir kalla nummerforfalsking (spoofing). Det betyr at svindlarar får telefonnummeret sitt til å sjå ut som om det tilhøyrer nokon andre. Sjølv om det står på telefonen din at det er banken eller politiet som ringjer, kan det vera svindel.
Målet til svindlaren er ofte å få deg til å oppgi sensitive opplysningar, godkjenna ei betaling eller gi tilgang til mobilen eller datamaskina di.
Bankar, politiet og offentlege etatar vil aldri be deg oppgi passord, BankID-kodar eller andre sensitive opplysningar over telefon.
Svindlarar prøver ofte å stressa deg. Dei kan påstå at bankkortet ditt er misbrukt, at kontoen din er i fare, eller at du må flytta pengane til ein «trygg konto». Ein slik konto finst ikkje. Målet er å få deg til å overføra pengane til dei. Banken vil aldri be deg bruka BankID eller overføra pengar til ein annan konto for å verna pengane dine.
Nokre svindlarar gir seg ut for å vera frå til dømes Microsoft eller andre kjende selskap. Dei påstår at det er eit problem med datamaskina di og tilbyr seg å hjelpa. Målet er å få tilgang til datamaskina di, slik at dei kan stela informasjon eller lura deg til å overføra pengar.
Blir du usikker, så legg på. Det er ikkje uhøfleg. Stol på magekjensla. Finn telefonnummeret på den offisielle nettsida og ring tilbake sjølv. Det er noko du kan gjera, ikkje noko du må. Det er ein enkel måte å sjekka at førespurnaden er ekte på. Du taper ingenting på å dobbeltsjekka, men du kan unngå å bli svindla.
Moglege faresignal:
Du får ei uventa melding frå nokon du ikkje kjenner.
Personen verkar raskt svært interessert i deg og held fram med å stilla enkle spørsmål for å halda samtalen i gang.
Personen ønskjer at du ikkje fortel andre om samtalen.
Personen ønskjer å halda fram samtalen ein annan stad enn der de først fekk kontakt.
Samtalen handlar brått om pengar, ei gyllen sjanse for deg eller at personen treng hjelp frå deg.
Du blir beden om å trykkja på lenkjer, installera appar, lasta ned filer, dela opplysningar eller ta bilete.
I denne rettleiinga forklarer vi kva telefonsvindel er, korleis du kan kjenna han igjen, og kva du bør gjera viss du blir oppringd.