Stopp opp og tenk før du trykkjer! Nokre løysingar er laga for å påverka deg.

Ord | Forklaring |
|---|---|
Manipulerande design (dark patterns) | Ein måte å utforma digitale tenester på for å påverka vala dine. |
Digital teneste | Ei teneste du brukar på internett eller på mobiltelefon, nettbrett eller datamaskin. Til dømes nettbank, Helsenorge eller bestilling av legetime. |
Annonse | Eit betalt innlegg som skal få deg til å kjøpa noko eller besøka ei nettside. |
Informasjonskapslar (cookies) | Små filer som blir lagra i nettlesaren for å hugsa vala dine og samla informasjon om korleis du brukar ei nettside. |
Manipulerande design er ein måte å utforma digitale tenester på for å påverka vala dine. Målet kan vera å få deg til å bruka meir tid, bruka meir pengar eller dela personlege opplysningar enn du eigentleg hadde tenkt. Designet er laga for å påverka vala dine, ofte til fordel for verksemda, ikkje nødvendigvis for deg.
Eit vanleg døme er ein stor, grøn «Godta»-knapp, medan «Avslå» er liten, grå eller vanskeleg å finna. Opplever du dette, er det viktig å ta seg god tid og lesa kva dei ulike vala betyr før du trykkjer vidare.
Tre av fire undersøkte appar og nettsider inneheldt manipulerande design.
Tala byggjer på ein internasjonal tilsynsaksjon der 642 appar og nettsider blei undersøkte. Over 75 % inneheldt manipulerande design.
(Kilde: Forbrukertilsynet, 2024)
Kjøpa noko du eigentleg ikkje hadde tenkt å kjøpa
Dela fleire personlege opplysningar enn du ønskjer
Oppretta eller halda fram med eit abonnement utan å vera klar over det
Godta informasjonskapslar (cookies) utan å tenkja over konsekvensane
Bruka meir tid på ei nettside eller i ein app enn du hadde planlagt
Manipulerande design er ikkje nødvendigvis svindel, men som nemnt kan det påverka vala dine. Difor er det lurt å stoppa opp før du trykkjer på knappar eller legg inn personlege opplysningar.
Ta deg god tid før du trykkjer på ein knapp
Les kva knappane faktisk seier før du vel
Sjå etter alternativ som «Avslå», «Tilpass» eller «Berre nødvendige». Dei kan vera mindre eller vanskelegare å finna
Ikkje la deg stressa av meldingar som seier at du må handla med ein gong
Er du usikker, lukk nettsida og kom tilbake seinare, eller spør nokon du stolar på om hjelp
I denne rettleiinga forklarar vi kva manipulerande design er, og viser deg døme på korleis det kan sjå ut.