Lær enkle grep som gjer det lettare å oppdaga svindel før det er for seint.

Foto: Unsplash
Ord | Forklaring |
|---|---|
Svindel | Svindel er ei form for kriminalitet der nokon med vilje prøver å lura andre for å oppnå ein fordel. Ofte er målet å stela pengar. |
Stopp, tenk, sjekk | Ein hugseregel mot svindel. |
Lenkje | Tekst eller ein knapp du kan trykkja på for å opna ei nettside eller anna innhald. |
BankID | Den personlege legitimasjonen din på internett. Med BankID kan du stadfesta kven du er og logga inn på digitale tenester på ein trygg måte. |
Personopplysningar | Informasjon som kan brukast til å identifisera deg, til dømes namn, adresse, telefonnummer, fødselsnummer eller bankopplysningar. |
Nettside | Ei side på internett som du kan opna, lesa eller bruka. |
Falsk nettside | Ei nettside som er laga for å lura deg. |
Sosiale medium | Digitale tenester der du kan halda kontakt med andre, dela bilete og meldingar, og følgja med på det som interesserer deg. |
Totrinnsautorisering | Ein ekstra sikringskontroll når du loggar inn. Du må stadfesta at det er du på to ulike måtar, til dømes med eit passord og ein kode på mobiltelefonen. |
Tekstmelding (SMS) | Ei kort melding som blir send mellom mobiltelefonar. Ho kan innehalda tekst, lenkjer eller bilete og blir ofte brukt til å gi ei melding eller dela informasjon. SMS står for Short Message Service. |
I Noreg har vi tradisjonelt hatt stor tillit til både styresmakter, medium og menneske vi ikkje kjenner. Denne tilliten er og har vore ein viktig del av det norske samfunnet, og er ein av grunnane til at Noreg ofte blir omtalt som eit samfunn bygd på tillit.
Samtidig har tilliten ei bakside. Når vi forventar at andre opptrer ærleg og hederleg, kan vi også bli meir sårbare for svindel. Kvart år blir nordmenn lurte til å overføra store pengebeløp til kriminelle aktørar. Heldigvis finst det nokre hugsereglar som kan hjelpa oss med å avsløra svindlaren, slik at vi unngår å bli lurte.
Stopp, tenk, sjekk er ein hugseregel utvikla av Finans Norge for svindel.no. Han hjelper deg med å vurdera situasjonen før du handlar, slik at du kan unngå å bli lurt. Hugseregelen er enkel å leggja på minnet og nyttig å dela med andre.
Det hastar ikkje: Ta deg god tid før du trykkjer på ei lenkje, svarar på ei melding eller gjennomfører ei betaling. Svindlarar prøver ofte å få deg til å handla raskt under tidspress. Hugs at du alltid har tid til å stoppa opp.
Kan dette vera svindel? Sjå etter teikn på svindel. Kom meldinga heilt uventa? Ber nokon om pengar, BankID eller personopplysningar? Er det noko ved teksten som skurrar og gir deg ei uroleg magekjensle?
Undersøk før du gjer noko meir: Er du usikker, er det ein god vane å dobbeltsjekka før du går vidare. Du kan til dømes ringja verksemda direkte. Finn telefonnummeret på nettsida deira, og be dei stadfesta at informasjonen stemmer. Ikkje trykk på lenkja i meldinga før du er sikker på at ho er ekte.
Svindlarar finn stadig nye måtar å lura oss på. Enten det skjer via SMS, e-post, telefon eller falske nettbutikkar, er målet det same: å få tilgang til pengane eller opplysningane dine. Ved å følgja desse hugsereglane gjer du jobben til svindlarane mykje vanskelegare:
Ingenting hastar så mykje som det verkar som. Stopp, tenk, sjekk
Logg aldri inn med BankID via ei lenkje i ei tekstmelding.
Banken og politiet ber deg aldri om å oppgi BankID-passord, kodar, brukarnamn eller annan innloggingsinformasjon over telefon.
Invester aldri pengar via lenkjer på sosiale medium.
Verkar det du får tilbod om for godt til å vera sant, er det ofte det. Stopp opp og tenk deg om før du går vidare.
Gjer kontoane dine sikrare med totrinnsautentisering når du loggar inn.
Hugs: Banken og politiet ber deg ALDRI om passord, kodar eller om å bruka BankID over telefon. Gjer nokon det, er det eit sikkert teikn på svindel.