Når svindlarar får telefonnummeret sitt til å sjå ut som om det tilhøyrer ei kjend verksemd eller ein person du kjenner, blir det kalla nummerforfalsking (spoofing).

Ord | Forklaring |
|---|---|
Nummerforfalsking (spoofing) | Når svindlarar får telefonnummeret sitt til å sjå ut som om det tilhøyrer nokon andre. |
Mobilnummer | Nummeret du brukar til å ringja, ta imot samtalar og senda eller ta imot tekstmeldingar (SMS). |
Avsendar | Personen eller verksemda som ser ut til å ha sendt ei melding eller ringt deg. |
Tekstmelding (SMS) | Ei kort melding som blir send mellom mobiltelefonar. Ho kan innehalda tekst, lenkjer eller bilete og blir ofte brukt til å gi beskjedar eller dela opplysningar. |
Nummerforfalsking (spoofing) er ein metode der svindlarar får telefonnummeret eller avsendarnamnet sitt til å sjå ut som om det tilhøyrer nokon andre. Det kan til dømes sjå ut som om du blir kontakta av banken, politiet eller ei anna verksemd du stolar på. Målet er å få deg til å tru at førespurnaden er ekte, slik at du lettare gjer det dei seier eller følgjer instruksjonane du får.
Nummerforfalsking (spoofing) kan brukast både ved telefonsamtalar og i tekstmeldingar. Difor er det viktig å hugsa at namnet eller nummeret som blir vist på telefonen, ikkje alltid fortel kven som faktisk kontaktar deg.
Viss du får ein telefonsamtale eller ei tekstmelding frå ei kjend verksemd, bør du stoppa opp og tenkja deg om før du handlar.
Ikkje gi frå deg BankID, passord eller eingongskodar
Ikkje trykk på lenkjer i uventa tekstmeldingar
Avslutt samtalen viss du blir usikker. Det er ikkje uhøfleg
Ring verksemda tilbake på telefonnummeret du finn på nettsida deira