Fjord kommune

Oppslagsbok

Ei digital oppslagsbok med 159 omgrep du kan slå opp i.

Det finst ingen felles standard for korleis digitale tenester ser ut, eller kva ord dei brukar. Derfor kan dei same funksjonane heite eller sjå litt ulike ut frå app til app og nettside til nettside.

Denne ordlista hjelper deg med å forstå vanlege digitale ord og omgrep. Når du er usikker, kan du slå opp her og få ei enkel og grei forklaring. Då blir det lettare å kjenne igjen dei same funksjonane, sjølv om dei ser litt ulike ut.

📙

Ord

Forklaring

Abonnement

Ein avtale der du betaler eit fast beløp med jamne mellomrom, for eksempel kvar månad eller kvart år, for å bruke ei teneste eller få eit produkt.

Annonse

Eit betalt innlegg som skal få deg til å kjøpe noko eller besøke ei nettside.

Ansiktsgjenkjenning

Ein måte å låse opp mobilen eller logge inn ved hjelp av ansiktet ditt.

App

Eit lite program du lastar ned på mobiltelefonen, som hjelper deg med å gjere noko, for eksempel bruke banken, sjekke vêrmeldinga eller kjøpe bussbillett.

App Store

Butikken på iPhone der du kan laste ned og oppdatere appar.

Apple

Ei teknologibedrift som lagar mellom anna iPhone, iPad og Mac.

Apple ID

Kontoen du brukar på Apple-einingar for å laste ned appar og bruke tenestene til Apple.

Artificial intelligence (AI)

Det engelske namnet på kunstig intelligens (KI). AI og KI betyr det same.

Artsorakel

Ein app som brukar kunstig intelligens (KI) til å kjenne igjen artar ut frå bilete.

Avsendar

Personen eller bedrifta som ser ut til å ha sendt ei melding eller ringt deg.

AvtaleGiro

Ein avtale som gjer at rekningar blir betalte automatisk frå kontoen din på forfallsdatoen.

BankID

Din personlege legitimasjon på internett. Med BankID kan du bekrefte kven du er og logge inn på digitale tenester på ein sikker måte.

BankID-appen

Appen du brukar for å bekrefte at du er deg når du loggar inn eller signerer.

BankID si øvingsside

Her kan du øve på å bruke BankID før du gjer det på ordentleg.

Banner

Ei varsling som blir vist øvst på skjermen.

Batteri / lade

Telefonen må ladast for å ha straum. Batteriet viser kor mykje straum som er igjen.

Berøringsskjerm

Skjermen på mobilen eller nettbrettet som reagerer når du trykker eller sveiper.

Betalingsapp

Ein app du kan bruke til å betale, sende og ta imot pengar.

Betalingsmåte

Måten du betaler på, for eksempel bankkort, Vipps eller faktura.

Bilete / fotoalbum

Staden på telefonen der bilete og videoar blir lagra.

Bluetooth / blåtann

Trådlaus tilkopling mellom telefonen og andre einingar.

Bokmerke

Ein måte å lagre ei nettside på slik at du finn henne igjen.

Brukarnamn

Namnet eller e-postadressa du brukar når du loggar inn.

Claude

Ei teneste med kunstig intelligens (KI) utvikla av selskapet Anthropic. Ho kan svare på spørsmål, hjelpe deg med å skrive tekstar, oppsummere informasjon og forklare ting.

Coop-medlemskap

Ei ordning der du blir medlem i Coop og får fordelar.

Datamaskin

Ei elektronisk eining som blir brukt til å utføre digitale oppgåver.

Datingside

Ei nettside eller ein app der menneske kan bli kjende med andre og finne ein kjærast.

Deling

Å sende bilete, lenker eller informasjon vidare til andre.

Digital inkludering

Handlar om at alle skal få moglegheit til å delta digitalt, uansett erfaring og nivå.

Digital lommebok

Ein app der du kan oppbevare bankkort og billettar digitalt.

Digital parkeringsapp

Ein app som lèt deg starte, stoppe og betale for parkering.

Digital resept / e-resept

Ein resept som legen har sendt elektronisk.

Digital teneste

Ei teneste du brukar på internett eller på mobil, nettbrett eller datamaskin. For eksempel nettbank, Helsenorge eller bestilling av legetime.

Digitalt

Noko som blir brukt på mobil, nettbrett eller datamaskin.

Digitalisert

Noko som er gjort om frå papir eller ei anna fysisk form slik at det kan brukast digitalt.

Digitalt bankkort

Ein digital versjon av bankkortet ditt.

EasyPark

Ein digital parkeringsapp.

eFaktura

Ei elektronisk rekning som blir send direkte til nettbanken eller mobilbanken.

Eingongskode

Ein kode som berre kan brukast éin gong. Du får han ofte på tekstmelding (SMS) eller i ein app for å bekrefte at det er du som loggar inn.

Ein konto

Noko du opprettar for å logge inn på og bruke ei digital teneste.

Ein brukar

Ein person som brukar ei digital teneste.

Entur

Ei nasjonal teneste for planlegging og kjøp av kollektivbillettar.

E-post

Ei melding du sender og tek imot over internett.

Falsk nettside

Ei nettside som er laga for å lure deg.

Falsk profil

Ein profil der nokon lèt som dei er ein annan person.

Farmasiet

Eit norsk nettapotek.

Filer

Noko som er lagra på mobilen eller datamaskinen, for eksempel eit bilete, eit dokument eller ein video.

Fingeravtrykk

Ein måte å låse opp mobilen eller logge inn ved hjelp av fingeren.

Flymodus

Ei innstilling som skrur av mobilnett, Wi-Fi og Bluetooth.

FRAM-appen

Appen for kollektivtrafikken i Møre og Romsdal.

Fullmakt

Løyve til at ein annan person kan gjere bestemte ting for deg.

GPS

Hjelper mobilen med å finne ut kvar du er og vise veg på kart.

Hacking

Når nokon prøver å få tilgang til ein datamaskin, mobiltelefon eller digital konto utan løyve.

Helsenorge

Ei offentleg digital helseteneste.

Heimskjerm

Den første skjermen du ser når du låser opp mobilen.

Halde inne

Å halde fingeren litt lenger på skjermen for å få fleire val.

Honnørbillett

Billett med redusert pris for mellom anna pensjonistar.

Høgtalar

Delen av telefonen som spelar av lyd.

iPhone

Ein mobiltelefon laga av Apple.

Ikon

Eit lite symbol du trykker på for å opne ein app eller utføre ei handling. Ikon kan sjå litt ulike ut i forskjellige digitale tenester. Eksempel: Eit hus betyr ofte «Heim», og ei pil til venstre betyr «Tilbake».

Informasjonskapslar (cookies)

Små filer som blir lagra i nettlesaren for å hugse val og samle informasjon om korleis du brukar ei nettside.

Innstillingar

Staden der du endrar korleis mobilen fungerer.

Innloggings- og betalingsopplysningar

Informasjon du ikkje skal dele med andre, som passord, BankID-kodar, eingongskodar og kortinformasjon.

Internett

Eit verdsomspennande nettverk som koplar saman datamaskiner, mobiltelefonar og nettbrett.

Internettadresse

Adressa til ei nettside. Du skriv henne inn i ein nettlesar for å komme til den rette nettsida.

Kamera

Blir brukt til å ta bilete og video og skanne QR-kodar.

Kamera-appen

Appen du brukar til å ta bilete og video.

Kart

Ei digital teneste som viser vegar og stader.

Kjærleikssvindel

Svindel der nokon lèt som dei ønskjer eit romantisk forhold før dei svindlar deg.

Klarna

Eit betalingsselskap som gjer det mogleg å betale med ein gong, seinare eller dele opp betalinga når du handlar på nett.

Konto

Din personlege brukar på ei digital teneste.

Kontakt

Ein person som er lagra med namn og telefonnummer.

Kontaktlaus betaling

Betaling ved å halde kortet eller mobilen inntil betalingsterminalen.

Kunstig intelligens (KI)

Teknologi som kan lære, løyse problem og utføre oppgåver på ein måte som liknar på korleis menneske gjer det.

Laste ned

Å hente ein app, eit bilete eller ei fil frå internett og lagre det på mobilen, nettbrettet eller datamaskinen.

Lenke

Tekst eller ein knapp du kan trykke på for å opne ei nettside eller eit dokument.

Lineær-TV

Lineære TV-kanalar er det mange kjenner som tradisjonell TV. Programma blir sende til faste tider, og du ser dei når dei går.

Logge inn

Å bekrefte kven du er for å få tilgang til ei teneste, ofte med brukarnamn og passord.

Låseskjerm

Skjermen du ser før mobilen blir låst opp.

Manipulerande design

Ein måte å utforme digitale tenester på for å påverke vala dine.

MarineTraffic

Ei teneste som viser skip i sanntid.

Maskinvare (hardware)

Dei fysiske delane av ein datamaskin eller mobil.

Medlemsfordel

Ein fordel du får som medlem.

Meldinger-appen

Appen som blir brukt til SMS og meldingar.

Meny

Ei liste med val.

Mikrofon

Blir brukt til lydopptak og samtalar.

Mobilabonnement

Avtalen du har med eit mobilselskap, som gir deg tilgang til å ringe, sende SMS og bruke mobildata.

Mobildata

Internett som telefonen får gjennom mobilabonnementet når du ikkje er kopla til Wi-Fi.

Mobilbank

Banken din på telefonen i form av ein app.

Mobilnummer

Nummeret du brukar til å ringe, ta imot anrop og sende eller ta imot tekstmeldingar (SMS).

Mobiltelefon

Ein berbar telefon med appar og internett.

Nettapotek

Eit apotek på internett der du kan bestille reseptvarer og andre apotekvarer heim til deg.

Nettbank

Den digitale tenesta til banken som du brukar på ei nettside.

Nettadresse

Adressa til ei nettside på internett. Du skriv henne inn i nettlesaren for å opne ei bestemt nettside.

Nettbrett

Ein berbar skjerm du kan styre med fingrane. Han er større enn ein mobiltelefon og mindre enn ein datamaskin.

Nettbutikk

Ein butikk på internett.

Nettlesar

Eit program du brukar for å opne nettsider. Eksempel på kjende nettlesarar er Safari, Chrome og Edge.

Nettside

Ei side på internett du kan opne og lese eller bruke.

NRK Radio

NRK si radioteneste på internett. Her kan du høyre radiokanalar direkte eller lytte til radioprogram og podkastar når det passar deg.

NRK TV

NRK si TV-teneste på internett som lèt deg sjå TV-program og seriar når du vil.

Oppdatering

Forbetringar eller tryggleiksoppdateringar til telefonen eller ein app.

Passord

Ein hemmeleg kode som blir brukt for å logge inn på ei digital teneste.

Passordbehandlar

Ein sikker stad der du kan lagre passord digitalt.

Passordbok

Ei bok der du kan skrive ned og oppbevare passord på papir.

Personopplysningar

Informasjon som kan brukast til å identifisere deg, for eksempel namn, adresse, telefonnummer, fødselsnummer eller bankopplysningar.

Phishing

Når nokon prøver å lure deg til å gi frå deg informasjon som kan misbrukast.

Plattform

Ein app eller ei nettside der du kan bruke ulike tenester eller gjere ulike ting.

Podkast

Eit lydprogram du kan høyre når du vil.

Programvare (software)

Program du brukar på ein datamaskin, mobil eller eit nettbrett.

Prompt

Det du skriv til ein KI for å få eit svar.

QR-kode

Ein firkanta kode som du kan skanne med kameraet for å opne ei nettside eller få informasjon.

Registrere deg

Å opprette ein brukar ved å fylle inn informasjon om deg sjølv.

Repetisjon

Å øve fleire gonger.

Sanntid

Informasjon som viser det som skjer akkurat no, for eksempel kvar bussen er.

Scrolle

Å bla på skjermen for å sjå meir innhald.

Sensitiv informasjon

Personopplysningar og annan informasjon som ikkje skal delast med andre, for eksempel passord, BankID-kodar og annan innloggingsinformasjon.

Signal

Viser kor god forbindelse mobilen har til internett eller mobilnettet.

Skanne

Å skanne betyr å rette kameraet på mobilen mot ein QR-kode, slik at mobilen kan lese han og opne det koden peikar til.

Skatteetaten

Den offentlege etaten som har ansvar for skatt.

Skjema

Ein stad der du fyller inn informasjon.

Skjermlås

Beskyttelse av telefonen med kode, fingeravtrykk eller ansikt.

Smart-TV

Ein TV som er kopla til internett. Då kan du bruke appar som NRK TV, Netflix og YouTube direkte på TV-en, utan ein ekstra boks.

Smarttelefon

Ein mobiltelefon som kan koplast til internett og bruke appar og digitale tenester.

Smishing

Ei form for phishing der svindlarar brukar tekstmelding (SMS) for å «fiske» etter informasjon.

SMS

Står for Short Message Service, som betyr kort meldingsteneste. Ein SMS er ei tekstmelding som blir send til eit mobilnummer gjennom mobilnettet.

Sosiale medium

Digitale tenester der du kan halde kontakt med andre, dele bilete og meldingar og følgje med på det som interesserer deg.

Svindel i sosiale medium

Når svindlarar brukar sosiale medium for å lure deg til å gi frå deg pengar eller personlege opplysningar.

Sperre kort

Å blokkere eit bankkort slik at det ikkje kan brukast til betaling eller uttak. Dette er vanleg dersom du har mista bankkortet eller blitt utsett for svindel.

Spesialteikn

Teikn som ikkje er bokstavar eller tal, for eksempel !, ?, # og &.

Spoofing / nummerforfalsking

Når svindlarar får telefonnummeret sitt til å sjå ut som om det høyrer til nokon andre, for eksempel politiet eller banken.

Sterkt passord

Eit passord som er vanskeleg for andre å gjette eller knekke. Det består gjerne av ein kombinasjon av store og små bokstavar, tal og spesialteikn.

Stopp, tenk, sjekk

Ein hugseregel mot svindel.

Strøymeeining

Ein boks du koplar til TV-en for å sjå filmar, seriar og TV frå internett. Eksempel er Apple TV og Chromecast.

Strøymeteneste

Ei teneste der du kan sjå eller høyre innhald på internett.

Svindel

Ei form for kriminalitet der nokon med vilje prøver å lure andre for å oppnå ein fordel. Ofte er målet å stele pengar.

Svindel med heimebesøk

Svindel der nokon oppsøkjer deg heime.

Svindel på SMS

Falske tekstmeldingar som ser ut til å komme frå for eksempel bankar, offentlege etatar eller kjende bedrifter, for å få deg til å trykke på ei lenke eller dele personleg informasjon.

Svindelmetodar

Ulike måtar svindlarar prøver å lure deg på.

Sveipe

Å dra fingeren over skjermen.

Søkefelt

Eit felt der du skriv det du leitar etter.

Søkeord

Orda du søkjer etter.

Søkeresultat

Det som blir vist etter eit søk.

Tastetrykk

Når du trykker på ein tast på eit tastatur eller skjermtastatur.

Teieplikt

Plikt til å halde informasjon hemmeleg.

Teknologi

Verktøy og hjelpemiddel som gjer oppgåver enklare.

Tekstmelding (SMS)

Ei kort melding som blir send mellom mobiltelefonar. Ho kan innehalde tekst, lenker eller bilete og blir ofte brukt til å gi beskjedar eller dele informasjon. SMS står for Short Message Service.

Telefonsvindel

Når svindel skjer gjennom telefonsamtalar.

Totrinnsautentisering

Ein ekstra tryggleikskontroll når du loggar inn. Du må bekrefte at det er deg, for eksempel med ein kode eller BankID.

Trykke

Å røre skjermen éin gong.

Trådlaust nettverk

Eit nettverk utan leidning som gir tilgang til internett.

Tæpping

Å betale ved å halde eit bankkort eller ein mobil inntil betalingsterminalen.

Unngå at informasjon kjem på avvegar

Å beskytte kontoar og personopplysningar.

Varsling

Ein beskjed frå ein app.

Varslingssenter

Ei oversikt over varslingane du har fått.

Vipps

Ein app for å sende pengar, ta imot pengar og betale med mobilen.

Wi-Fi (trådlaust nett)

Internett du koplar deg til utan å bruke mobildata.

Yr-appen

Ei digital vêrmeldingsteneste.

YouTube

Ei gratis videoteneste.

Å vippse

Å sende pengar med Vipps.