Lurar du på kva du har funne i naturen? Artsorakel kan hjelpe deg med å kjenne det att.

Fotograf: Torbjørn Hundere / Naturviterne
Ord | Forklaring |
|---|---|
Artsorakel | Ein app som brukar kunstig intelligens til å kjenna att artar ut frå bilete. |
App | Eit program du lastar ned til mobilen eller nettbrettet for å utføra bestemte oppgåver, til dømes Vipps eller NRK. |
Kunstig intelligens (KI) | Teknologi som kan utføra oppgåver som vanlegvis krev at menneske tenkjer, lærer eller løyser problem. |
Artsorakel er ein app frå Artsdatabanken som brukar kunstig intelligens (KI) til å kjenna att artar i naturen ut frå bilete. Ta eit bilete av ei plante, ein blom, ein sopp, ein fugl eller eit anna dyr, så hjelper appen deg med å finna ut kva art det er.
Hugs at Artsorakel brukar kunstig intelligens og kan ta feil. Ikkje stol blindt på svaret, men bruk gjerne fleire kjelder for å vera sikker på identifiseringa.
Artsorakel kjenner berre att plantar, dyr og sopp i norsk natur – ikkje menneske, hageplanter eller kjæledyr. Du treng ikkje laga ein konto, og appen er gratis.
Det er ofte lettare å læra noko nytt når du ser at du får bruk for det. Nokre digitale tenester kan vera utfordrande, medan andre er både nyttige og morosame å utforska. Artsorakel er ein app mange blir nysgjerrige på og likar å bruka. Kanskje kan han også gjera det litt kjekkare å øva på digitale ferdigheiter.
I denne rettleiinga viser vi korleis du lastar ned appen Artsorakel.