Finn dei digitale tenestene som passar for deg.

Ord | Forklaring |
|---|---|
Digital teneste | Ei teneste du brukar på internett eller på mobiltelefon, nettbrett eller datamaskin. |
App | Eit program du lastar ned til mobilen eller nettbrettet for å utføra bestemte oppgåver, til dømes Vipps eller NRK. |
Nettside | Ei side på internett som du kan opna for å lesa informasjon eller bruka ei teneste. |
BankID | Den personlege digitale legitimasjonen din. Med BankID kan du stadfesta kven du er og logga inn på digitale tenester på ein trygg måte. |
Vipps | Ein app for å senda og ta imot pengar, og for å betala med mobilen. |
Nettbank | Banken si digitale teneste som du brukar i ein nettlesar på datamaskin eller mobil. |
Repetisjon | Å øva på det same fleire gonger for å hugsa det betre og bli tryggare. |
Digitale tenester kan vera nyttige verktøy i kvardagen. Dei kan hjelpa deg med å betala rekningar, halda kontakt med familie og vener, finna informasjon eller få tilgang til underhaldning.
Nokre digitale tenester er nesten nødvendige å bruka, som BankID, Vipps og nettbank. Andre kan gjera kvardagen enklare, til dømes ved å hjelpa deg med å bestilla legetime, sjå vêrmeldinga, reisa med kollektivtransport eller få medlemsfordelar og underhaldning. Kva for digitale tenester som er nyttige, avheng av behova og interessene dine.
Det finst mange ulike appar og nettsider, og dei fungerer ikkje alltid på same måte. Nokre digitale tenester liknar på kvarandre, medan andre er ganske ulike. Derfor er det heilt vanleg å oppleva at det tek tid å bli kjent med dei.
Å læra noko nytt krev tid, øving og repetisjon. Du treng ikkje læra alt på éin gong. Vel dei digitale tenestene som er mest nyttige for deg, og ta eitt steg om gongen.
Kakadu er leverandør i eit pilotprosjekt som Senteret for eit aldersvennleg Noreg og fire pilotkommunar på Sunnmøre gjennomfører for å styrkje kommunane sitt arbeid med digital rettleiing av innbyggjarar. Gjennom prosjektet utviklar og leverer Kakadu standardiserte og pedagogiske rettleiingar som kommunane kan teste ut i møte med innbyggjarar som treng støtte til å bruke digitale tenester.
Prosjektet skal bidra til meir tilgjengeleg, heilskapleg og brukarvenleg digital rettleiing, særleg for eldre og andre med avgrensa digitale ferdigheiter.
Saman for betre digital rettleiing i kommunane.