Send pengar til familie og vener, og ta imot betalingar raskt og trygt.

Ord | Forklaring |
|---|---|
Vipps | Ein app for å senda og ta imot pengar, og for å betala med mobilen. |
App | Eit program du lastar ned til mobilen eller nettbrettet for å utføra bestemte oppgåver, til dømes Vipps eller NRK. |
Å vippsa | Å senda pengar med Vipps. |
Digital tjeneste | Ei teneste du brukar på internett eller på mobiltelefon, nettbrett eller datamaskin. |
Internett | Eit verdsomspennande nettverk som koplar saman datamaskiner, mobiltelefonar og nettbrett. |
Vipps er ein app som gjer det mogleg å senda, ta imot og betala pengar med mobilen. Appen er knytt til bankkontoen din. Derfor kan du overføra pengar med nokre få tastetrykk på mobilen.
Å vippsa betyr å senda pengar til ein annan person ved å bruka Vipps-appen. Vipps brukar telefonnummeret ditt. Når du vil senda pengar til ein ven, eit familiemedlem eller andre, finn du personen ved å skriva inn telefonnummeret deira.
Så mange som 4,7 millionar nordmenn brukar Vipps for å senda pengar, betala i butikk og handla på nett! Mange brukar òg Vipps til å betala til bedrifter og organisasjonar, men det tek vi ikkje for oss i denne rettleiinga.
Vipps blir ofte tilbydd som betalingsløysing i ulike digitale tenester. Nokre praktiske døme er at du kan velja Vipps som betalingsmåte når du kjøper bussbillettar eller handlar på internett, i staden for å bruka bankkort. Mange opplever at det går raskare og kjennest trygt å betala med Vipps fordi dei har gjort det på same måten mange gonger før. Repetisjon og mengdetrening er noko mange peikar på som viktig.
Dei vanlegaste måtane å bruka Vipps på er:
Senda og ta imot pengar frå familie og vener (sjå rettleiinga under)
Handla på internett
Betala rekningar
Kjøpa billettar
Betala med mobilen i fysiske butikkar
Betala med mobilen til organisasjonar og lag
Logga inn på digitale tenester
Følg rettleiinga over - steg for steg, og send eit lite beløp med Vipps.
Opna Vipps-appen
Trykk på «Send»
Finn eit familiemedlem eller ein ven med å søkja på namnet eller telefonnummeret dei har
Send 1 krone og skriv «Øving» i meldingsfeltet
Stadfest betalinga
🎯 Mål: Læra korleis du finn rett person og sender pengar med Vipps.
💡 Tips: Avtal gjerne på førehand med den du skal senda pengar til. Då får du kanskje òg litt heiarop tilbake som motiverer deg til å gå vidare