Fjord kommune
Digitale tenester / eFaktura og AvtaleGiro

eFaktura og AvtaleGiro

Betal rekningar enklare, utan å skriva inn lange talrekkjer.

bilde6_illustrasjon_efaktura_og_avtalegiro.png
📙

Nyttige ord

Ord

Forklaring

eFaktura

Ei elektronisk rekning som blir send direkte til nettbanken eller mobilbanken din. Vanlegvis må du sjølv godkjenna betalinga.

AvtaleGiro

Ein avtale som gjer at rekningar blir betalt automatisk frå kontoen din på forfallsdato.

Nettbank

Banken si digitale teneste som du brukar på ein datamaskin.

Mobilbank

Banken din på mobiltelefonen i form av ein app.

Betalingsapp

Ein app du kan bruka til å betala, senda og ta imot pengar.

Tastetrykk

Når du trykkjer på ein knapp på tastaturet eller på skjermen.

Logga inn

Å stadfesta kven du er for å få tilgang til ei teneste, ofte med brukarnamn og passord eller BankID.

Kva er eFaktura?

Ei eFaktura er ei digital rekning som blir send direkte til nettbanken, mobilbanken eller betalingsappen din, som til dømes Vipps. eFaktura er ei forkorting for elektronisk faktura. Han erstattar papirrekningar som tidlegare blei sendt i posten. Med eFaktura kjem rekninga digitalt i staden.

Ein av fordelane med eFaktura er at du slepp å skriva inn lange talrekkjer, som kontonummer og KID-nummer. Mange opplever dette som både enklare og tryggare, fordi det er mindre risiko for å skriva inn feil tal. Med eFaktura loggar du inn i nettbanken eller mobilbanken og godkjenner betalinga. Resten blir gjort automatisk.

Kva er AvtaleGiro?

AvtaleGiro er ei avtale du set opp med banken. Han gjer at faste rekningar blir betalte automatisk frå bankkontoen din på forfallsdato. Då slepp du å betala rekninga sjølv kvar månad. Avtalen set du opp i nettbanken eller mobilbanken. Du kan òg velja ei øvre beløpsgrense. Dersom ei rekning er høgare enn denne grensa, blir ho ikkje betalt automatisk.

Korleis fungerer eFaktura og AvtaleGiro saman?

Mange vel å bruka eFaktura og AvtaleGiro saman. Då får du rekninga digitalt som ei eFaktura, samstundes som AvtaleGiro sørger for at ho blir betalt automatisk på forfallsdato.

På den måten slepp du papirrekningar, å skriva inn betalingsinformasjon og å hugsa betalingsfristene.

💡

Kort sagt: eFaktura gjer at du får rekninga digitalt. AvtaleGiro gjer at ho blir betalt automatisk.

Når teknologien kan gjera litt av jobben for deg

For mange er eFaktura og AvtaleGiro ein enkel måte å bruka mindre tid på rekningar. Du slepp papirrekningar, lange talrekkjer og å bekymra deg for å gløyma ein betalingsfrist.

Rettleiing: Slik godkjenner du ei eFaktura på mobilen (døme frå DNB)

Rettleiing: Slik opprettar du ein AvtaleGiro i mobilbanken (døme frå JBF Bank)