Med Entur kan du bruka den same appen når du reiser til andre byar eller fylke.

Ord | Forklaring |
|---|---|
Entur | Eit statleg eigd teknologiselskap som arbeider for å gjera det enklare å velja kollektivtransport i heile Noreg. |
App | Eit program du lastar ned til mobilen eller nettbrettet for å utføra bestemte oppgåver, til dømes Vipps eller NRK. |
Laste ned | Å henta ein app, eit bilete eller ei fil frå internett og lagra det på eininga di, slik at du kan bruka innhaldet. |
Entur er ein nasjonal kollektivapp som gjer det enkelt å planleggja reiser og kjøpa billettar til kollektivtransport i heile Noreg.
Med Entur kan du søkja etter reiser med buss, tog, trikk, T-bane og ferje, sjå rutetider og finna den beste reisa frå der du er til dit du skal. I appen kan du også kjøpa billettar til kollektivtransport mange stader i landet. Då slepp du å lasta ned fleire ulike kollektivappar når du reiser mellom fylke og byar. Entur samlar også reiseinformasjon og billettar på éin stad, slik at det blir enklare å reisa.
Denne rettleiinga viser korleis du kjem i gang med Entur-appen og kjøper den første billetten din.
Her viser vi deg korleis du vel og kjøper billett med honnørrabatt i Entur-appen.
Du kan legge til éi eller fleire favorittlinjer for buss, tog, trikk, T-bane og båt. Då får du oppdaterte rutetider for dei neste avgangane på framsida.