Fjord kommune
Digitale tenester / Kunstig intelligens (Claude)

Kunstig intelligens (Claude)

Ein digital hjelpar du kan spørja om nesten kva som helst.

IMG_0876.jpeg
📙

Nyttige ord

Ord

Forklaring

Claude

Ei teneste for kunstig intelligens (KI) utvikla av selskapet Anthropic. Ho kan svara på spørsmål, hjelpa deg med å skriva tekstar, oppsummera informasjon og forklara ting.

Kunstig intelligens (KI)

Teknologi som kan utføra oppgåver som vanlegvis krev at menneske tenkjer, lærer eller løyser problem.

Artificial intelligence (AI)

Det engelske namnet på kunstig intelligens. AI og KI betyr det samme.

Teknologi

Verktøy og hjelpemiddel som gjer oppgåver enklare.

Datamaskin

Ei elektronisk eining som blir brukt til digitale oppgåver.

Programvare (software)

Programma på ein datamaskin eller mobil.

Maskinvare (hardware)

Dei fysiske delane av ein datamaskin eller mobil.

Prompt

Det du skriv til ein kunstig intelligens for å få hjelp eller svar.

Kva er kunstig intelligens?

Kunstig intelligens er ein teknologi som gjer at datamaskiner kan utføra oppgåver som tidlegare måtte gjerast av menneske. Mange omtalar kunstig intelligens med forkortinga KI, eller det engelske namnet Artificial Intelligence (AI).

Kunstig intelligens kan til dømes svara på spørsmål, omsetja tekst, kjenna att bilete og hjelpa deg med å finna informasjon. Utviklinga går raskt, og det kjem stadig nye måtar å bruka KI på.

Sjølv om KI kan gjera mange oppgåver enklare og spara tid, er det viktig å vera klar over at teknologien også har avgrensingar. Det blir stadig diskutert kor mykje ein kan stola på informasjonen KI gir, og kva oppgåver det er rett at datamaskiner tek over frå menneske.

Bruk derfor alltid KI med sunn skepsis. Ver kritisk til informasjonen du får, og ikkje ta for gitt at alt KI skriv eller lagar, er rett. KI kan henta informasjon og formulera seg på ein måte som høyrest ut som eit menneske, men hugs at det er ein datamaskin – ikkje eit ekte menneske.

Samtidig er KI eit nyttig verktøy som kan gjera kvardagen enklare. Prøv deg fram, og sjå korleis teknologien kan hjelpa deg.

Kunstig intelligens (KI) kan brukast til:

Samla mykje informasjon på kort tid

Døme: «Eg skal til Italia i september. Gi meg fem ting eg bør hugsa på før reisa.»

Sjå over tekstar og gi konstruktive tilbakemeldingar

Døme: «Kan du retta skrivefeil i denne teksten?»

Forklara vanskelege ord og omgrep

Døme: «Kan du forklara kva eigendel betyr, som om du forklarer det til ein som ikkje kan så mykje om dette?»

Omsetja tekst mellom ulike språk

Døme: «Kan du omsetja denne meldinga til engelsk?»

Det du skriv til KI, blir kalla ein prompt. Ein prompt er eit spørsmål, ei oppgåve eller ei melding som fortel KI kva du ønskjer hjelp med. Døma i « » ovanfor er alle eksempel på promptar. Presise spørsmål gir betre svar når du brukar KI.

Kva er Claude?

Det finst fleire ulike selskap som tilbyr kunstig intelligens (KI) som programvare. Selskapa konkurrerer med kvarandre og tilbyr både gratis og betalte versjonar av tenestene sine.

Claude er eit døme på ei slik KI-teneste. Du kan bruka ho til å stilla spørsmål, få hjelp til å skriva tekstar, oppsummera informasjon, omsetja tekstar til andre språk og mykje meir.

Claude er utvikla av det amerikanske selskapet Anthropic. Det finst mange andre KI-tenester som liknar på Claude, men i denne rettleiinga brukar vi Claude som døme.

Kva skil dei ulike KI-tenestene?

Dei ulike KI-tenestene kan mykje av det same, men dei har ulike styrkar. Nokre er betre til å skriva tekstar, mens andre er flinkare til å laga bilete eller analysera dokument.

KI-tenestane kan og sjå litt ulike ut og ha forskjellige funksjonar. Derfor kan både svara du får og kva du kan bruka KI til, variera avhengig av kva for ei KI-teneste du brukar.

Rettleiing: Lær korleis du brukar Claude

Denne rettleiinga viser korleis du kjem i gong med Claude, ein kunstig intelligens (KI) som kan hjelpa deg med å svara på spørsmål, skriva tekstar og finna informasjon.