Lær, bli inspirert og få hjelp med videoar frå heile verda

Ord | Forklaring |
|---|---|
YouTube | Ei gratis videoteneste der du kan sjå og dela videoar. |
Digital teneste | Ei teneste du brukar på internett eller på ein mobil, eit nettbrett eller ein datamaskin. Til dømes nettbank, Helsenorge eller bestilling av legetime. |
Internett | Eit verdsomspennande nettverk som koplar saman datamaskiner, mobiltelefonar og nettbrett. |
YouTube er ei gratis digital teneste på internett der du kan sjå videoar om nesten kva som helst. Du kan til dømes sjå konsertar, matoppskrifter, reiseprogram, treningsvideoar, hobbyinnhald og gamle TV-klipp. Du kan søkja etter videoar som interesserer deg og sjå dei når det passar deg.
Mange brukar også YouTube for å læra noko nytt eller få hjelp til praktiske oppgåver i kvardagen. Videoane på YouTube blir laga av både privatpersonar, bedrifter og organisasjonar. Alle som har ein konto, kan dela sine eigne videoar.
YouTube er gratis å bruka, men det finst også eit abonnement som heiter YouTube Premium. Med dette abonnementet kan du mellom anna sjå videoar utan reklame, men det er ikkje nødvendig å ha dette.
YouTube gjer det enkelt å utforska nye interesser og læra nye ting. Enten du vil læra å strikka, reparera ein sykkel eller sjå opptak frå ein konsert, finst det videoar for både læring, inspirasjon og underhaldning.
I denne rettleiinga lærer du korleis du brukar YouTube, mellom anna korleis du søkjer etter videoar.
Bruk rettleiinga og søk etter ein video du ønskjer å sjå.
Opna YouTube
Søk etter «Brødrene Dal» eller ein annan video du ønskjer å sjå
Opna ein video
🎯 Mål: Læra å søkja etter videoar
💡 Tips: Bruk søkjefeltet viss du ikkje finn videoen med ein gong. Du kan prøva fleire søkjeord til du finn det du leitar etter