Fjord kommune
Digitale tenester / Slik set du opp ei digital lommebok i Vipps

Slik set du opp ei digital lommebok i Vipps

Betal med mobilen i staden for bankkort. Her lærer du korleis du kjem i gang.

3a1371fe6895e7c12c961dbe9fffcec58bf4260f-1600x1200.png
📙

Nyttige ord

Ord

Forklaring

Tæpping

Å betala ved å halda mobilen inntil betalingsterminalen.

Vipps

Ein norsk app for å senda og ta imot pengar, og for å betala med mobilen.

Å vippsa

Å senda pengar med Vipps.

Kontaktlaust

Å betala utan å setja inn eller dra bankkortet. Du held i staden mobilen eller bankkortet inntil betalingsterminalen.

Digital lommebok

Ei teneste der du kan leggja inn eitt eller fleire bankkort digitalt på mobilen og bruka dei til å betala kontaktlaust.

Digitalt bankkort

Ein digital versjon av bankkortet ditt.

Apple Pay

Ei digital lommebok frå Apple. Ho lèt deg leggja inn bankkortet ditt og betala med iPhone eller Apple Watch – på same måte som når du tæppar med Vipps.

Kva er tæpping?

Å tæppa med Vipps betyr å betala med mobilen ved å halda han inntil betalingsterminalen, i staden for å setja inn eller dra det fysiske bankkortet gjennom kortterminalen.

For å kunna gjera dette må du ha eit digitalt bankkort på mobilen. Det finst fleire tenester du kan bruka. I denne rettleiinga brukar vi Vipps som døme.

Eit digitalt bankkort er ein digital versjon av bankkortet ditt som er lagra på mobilen.

Kva må du gjera først?

For å kunna tæppa med Vipps må du først aktivera tenesta i Vipps-appen og kopla til bankkortet ditt. Vi har laga ei steg-for-steg-rettleiing som viser korleis du gjer dette. Dette er noko du som regel berre treng å gjera éin gong.

Når dette er gjort, er du eitt steg nærare å kunna tæppa med Vipps.

Rettleiing: Slik aktiverer du BankAxept-kortet ditt i Vipps

Betal med Vipps, også i utlandet

Visste du at Vipps er eit norsk alternativ til Apple Pay? Vipps starta i Noreg, og no kan du bruka tenesta til å betala i butikkar over heile verda.

Over 1 million nordmenn har aktivert bankkortet sitt for tæpping med mobilen. Blir du den neste?

✍️

Oppgåve

Prøv å leggja til eit bankkort for tæpping i Vipps ved hjelp av rettleiinga «Slik aktiverer du BankAxept-kortet ditt i Vipps».

🎯 Mål: Bli kjend med korleis du set opp tæpping med Vipps.

💡 Tips: Ta deg god tid og les kvart steg nøye. Viss du legg til kortet no, er du eitt steg nærare å kunna betala med mobilen neste gong du er i ein butikk.