Fjord kommune
Digitale tenester / Coop medlem

Coop medlem

Som Coop-medlem får du pengar på kontoen kvar gong du handlar!

IMG_0860.jpeg
📙

Nyttige ord

Ord

Forklaring

Coop-medlemskap

Ei ordning der du blir medlem i Coop og får fordelar.

Totalt spart

Viser det du har spart på kupongar, medlemskupp og rabattar, i tillegg til kjøpsutbyte og bonus.

Kupong

Eit personleg tilbod på varer du ofte kjøper.

Medlemskupp

Eksklusive tilbod som berre er tilgjengelege for Coop-medlemmer.

Medlemsrabatt

Gir direkte prisavslag på varer når du handlar.

Medlemsfordel

Fordelar du kan få hos andre aktørar, til dømes innan drivstoff, straum og reise.

Slik fungerer Coop-medlemskap

Kva er Coop-medlemskap?

Coop-medlemskap er ei ordning der du blir medlem i Coop og får fordelar når du handlar. Som medlem kan du få bonus på kjøp, medlemsprisar og andre tilbod.

Som Coop-medlem kan du mellom anna få:

Minimum 1 % kjøpsutbyte på alt du handlar

Kupongar på varer du handlar ofte

Medlemskupp berre for deg som er medlem

Coop-appen

Coop har sin eigen app som du kan lasta ned på mobilen. Her finn du ei oversikt over medlemskapet ditt, bonusen du har tent opp, medlemskortet ditt og aktuelle tilbod.

Fordelane med Coop-medlemskap

Unike medlemsfordelar

Høve til å spara tusenvis av kroner

Få bonus kvar gong du handlar

Tilgang til medlemsprisar og eksklusive tilbod

Medlemskort

Når du melder deg inn som Coop-medlem, får du eit medlemskort. Medlemskortet finn du i Coop-appen som eit digitalt medlemskort, men du kan også få eit fysisk medlemskort tilsendt i posten. Du brukar medlemskortet når du handlar i Coop sine butikkar. Vis det digitale medlemskortet i Coop-appen eller skann det fysiske medlemskortet i kassa før du betalar. Då blir bonus, medlemsprisar og andre fordelar registrerte på medlemskapet ditt.

Fire rettleiingar

Rettleiing: Dette har du som Coop-medlem tent og spart

Ei rettleiing som viser korleis medlemskapet hjelper deg med å både tena og spara pengar, og korleis du finn fram til denne oversikta i appen.

Rettleiing: Slik finn du medlemskupp

Rettleiinga viser deg kvar du finn medlemskuppa, og korleis du kan bruka dei for å få meir ut av medlemskapet.

Rettleiing: Slik aktiverer du ein kupong i Coop-appen

Ei praktisk rettleiing som viser deg korleis du finn og aktiverer kupongar i Coop-appen, slik at du kan bruka tilboda når du handlar.

Rettleiing: Slik brukar du medlemsfordelane

Rettleiinga viser deg kvar du finn medlemsfordelane, og korleis du kan bruka dei for å få meir ut av Coop-medlemskapet.