Fjord kommune
Digitale tenester / MarineTraffic

MarineTraffic

Sjå båtar og skip i sanntid med MarineTraffic.

Screenshot 2026-08-18 at 12.36.45.png
💡

Nyttige ord

Ord

Forklaring

MarineTraffic

Ei teneste som viser skip i sanntid.

Sanntid

Oppdatert informasjon som blir vist med ein gong, til dømes kvar bussen er akkurat no.

Abonnement

Ei avtale der du betalar eit fast beløp med jamne mellomrom, til dømes kvar månad eller kvart år, for å bruka ei teneste eller få eit produkt.

Kva er MarineTraffic?

MarineTraffic er ei digital teneste du kan lasta ned som ein app på mobiltelefonen. Med appen kan du følgja skip og båtar på eit kart i sanntid. Du kan sjå kvar fartøya er, kvar dei er på veg, og få informasjon om mellom anna namn og type fartøy.

Tenesta blir brukt både av sjøfolk og av personar som er interesserte i båttrafikk. Mange av funksjonane er gratis, medan nokre avanserte funksjonar krev eit abonnement, som er den betalte versjonen.

Rettleiing: Kom i gang med MarineTraffic