Fjord kommune
Digitale tenester / NRK Radio

NRK Radio

Med NRK Radio-appen kan du høyra radio direkte på mobiltelefonen din

IMG_5004.JPG
📙

Nyttige ord

Ord

Forklaring

NRK Radio

NRK si radioteneste på internett. Her kan du høyra radiokanalar direkte eller lytta til radioprogram og podkastar når det passar deg.

App

Eit program du lastar ned til mobilen eller nettbrettet for å utføra bestemte oppgåver, til dømes Vipps eller NRK.

Strøymeteneste

Ei teneste på internett der du kan sjå eller høyra innhald når du ønskjer det.

Podkast

Eit radioprogram du kan høyra når du vil, i staden for når det blir sendt direkte.

Internett

Eit verdsomspennande nettverk som koplar saman datamaskiner, mobiltelefonar og nettbrett.

Kva er NRK Radio?

NRK Radio er ein app du kan ha på mobiltelefonen. Med NRK Radio kan du høyra vanlege radiokanalar frå NRK, akkurat som på ein radio du har heime. Du kan også lytta til radioprogram og podkastar når det passar deg. Tenk å ha ein heil radio i lomma!

Du kan velja mellom å:

høyra radio direkte medan programmet blir sendt

høyra program om att, eller seinare

høyra podkastar

Kva er ein podkast?

Ein podkast er eit lydprogram om eit bestemt tema, til dømes historie, nyheiter, natur eller underhaldning. Han liknar på eit radioprogram, men er spela inn på førehand. Du treng derfor ikkje å høyra han når det blir sendt. Du kan starta, stoppa og lytta når det passar deg.

I NRK Radio finn du mange podkastar og dokumentarar om ulike tema. Mange av dei får nye episodar kvar veke, slik at du alltid har noko nytt å lytta til.

Kva kan du gjera i NRK Radio?

I NRK Radio kan du mellom anna:

finna program etter tema eller søkja etter eit bestemt program

lagra favorittprogramma dine, slik at dei er lettere å finna att

lasta ned program, slik at du kan høyra dei utan internett, til dømes på fly eller andre stader utan dekning

halda fram å lytta frå staden der du stoppa sist

💡

NRK Radio-appen er gratis å bruka og gir deg tilgang til eit stort utval av radio, podkastar og program frå NRK.

Rettleiing: Slik brukar du NRK Radio

Denne rettleiinga viser korleis du kjem i gang med NRK Radio-appen. Du får sjå korleis du lastar ho ned og kva som er mogleg på appen.

Hugs at:

Du kan ikkje øydeleggja noko ved å utforska og trykkja deg rundt i appen! Du kan alltid gå trygt tilbake til start og bstarta på ny.

✍️

Oppgåve

Opna NRK Radio-appen

Logg inn på kontoen din (viss du ikkje allereie er innlogga)

Vel eit program eller ein podkast frå framsida

Trykk på programmet for å starta avspelinga

Lat programmet spela i nokre sekund

Trykk på pauseknappen for å stoppa avspelinga

Trykk på avspelingsknappen igjen for å halda fram å lytta

🎯 Mål: Læra å logga inn i NRK Radio og starta og stoppa eit program eller ein podkast

💡 Tips: Bruk gjerne rettleiinga som støtte når du løyser oppgåva