Lær kva BankID er, og korleis du brukar han på ein trygg måte.

Ord | Forklaring |
|---|---|
BankID | Den personlege digitale legitimasjonen din. Med BankID kan du stadfesta kven du er og logga inn på digitale tenester på ein trygg måte. |
BankID-appen | Appen du brukar for å stadfesta at det er deg når du loggar inn eller signerer digitalt. |
App | Eit program du lastar ned til mobilen eller nettbrettet for å utføra bestemte oppgåver, til dømes Vipps eller NRK. |
Digitalisert | Noko som er gjort om slik at det kan brukast digitalt. |
Digitalt | Noko som blir gjort ved hjelp av datamaskin, mobiltelefon eller nettbrett, ofte gjennom internett. |
BankID er den personlege legitimasjonen din. Når du brukar BankID-appen, kan du stadfesta kven du er på nett på ein trygg måte. Appen gjer det òg mogleg å signera dokument digitalt.
Ved å bruka fødselsnummeret ditt og det personlege BankID-passordet du har valt, kan du logga inn på mange nettsider og digitale tenester.
Over 80 prosent av dei som brukar BankID i Noreg, nyttar BankID-appen når dei loggar inn og stadfestar kven dei er på nett. Du er med andre ord i godt selskap når du lærer deg å bruka appen.
BankID blir brukt av mange verksemder og tenester som er viktige i kvardagen. Her er nokre døme:
Offentlege tenester:
Nav
Skatteetaten
Altinn
Bankar:
Alle norske bankar tilbyr innlogging med BankID.
Andre tenester:
Forsikring
Mobil
Straum
Nettapotek
Kort fortalt blir BankID ofte brukt når ei digital teneste treng å stadfesta at det er du som loggar inn eller godkjenner noko. Tenester som tek vare på viktig personleg informasjon, brukar BankID for å gjera tenesta ekstra trygg. Det er gjer tenesta tryggare for deg og organisasjonen du kommuniserer med.
BankID kan, som nemnt, brukast til å logga inn i nettbanken, i private tenester og på offentlege nettsider. Nokre kundesenter brukar òg BankID for å hjelpa deg raskare, ved at du stadfestar kven du er med BankID. Dette er noko du kan velja å gjera – ikkje noko du må.
Den same BankID-en kan brukast på tvers av mange stader der du er kunde. Det gjer det enklare, fordi du slepp å ha ulike innloggingsløysingar.
Med BankID kan du òg signera dokument elektronisk, slik at du slepp å møta opp personleg eller senda dokument i posten. Det sparar både tid og arbeid.
Nokre vanlege døme er å logga inn i nettbanken for å sjekka saldo, bruka Helsenorge for å sjå timeavtalar eller sjekka skattemeldinga.
Digitale løysingar kan gi større fridom, gjera kvardagen enklare og bidra til større sjølvstende.
Å øva på det du skal gjera i trygge omgjevnader, er ein god måte å læra på. Jo meir du øver, desto tryggare blir du.
I denne oppgåva kan du bruka BankID si øvingsside. Her kan du øva på å bruka BankID i eit trygt miljø som liknar ei vanleg innlogging. Du kan øva så lenge og så ofte du vil, utan å vera redd for å gjera feil eller sperra BankID-en din.
Øvingsside hos BankID: https://bankid.no/hjelp/testverktoey/test-identifisering
🎯 Mål: Øva gjennom repetisjon i eit øvingsmiljø som liknar den ekte tenesta.
💡 Hugs: Øvingssida er heilt trygg å bruka. Du kan øva så mange gonger du vil, og det er heilt umogleg å gjera feil.