Fjord kommune

EasyPark

Du slepp å leita etter myntar eller bruka betalingsautomaten. Med EasyPark kan du betala parkeringa med mobilen.

Screenshot 2026-08-18 at 13.01.57.png
📙

Nyttige ord

Ord

Forklaring

EasyPark

Ein digital parkeringsapp.

Digital parkeringsapp

Ein app som lèt deg starta, stoppa og betala for parkering.

Digitalt

Noko du brukar på mobil, nettbrett eller datamaskin.

App

Eit program du lastar ned til mobilen eller nettbrettet for å utføra bestemte oppgåver, til dømes Vipps eller NRK.

Kva er EasyPark?

EasyPark er ein digital parkeringsapp.

Med appen kan du starta, stoppa og forlenga parkeringa direkte frå mobilen, utan å bruka parkeringsautomat eller myntar. EasyPark er ein av dei mest brukte parkeringsappane i Noreg og fungerer på tusenvis av parkeringsplassar over heile landet. Appen kan og brukast i fleire andre europeiske land, noko som gjer han praktisk å ha når du er på reise.

Ein av dei største fordelane med EasyPark er at du slepp å gå tilbake til bilen dersom du treng meir tid. Appen sender varsel før parkeringstida går ut, og du kan forlenga parkeringa direkte på mobilen. På den måten unngår du stress og risiko for parkeringsbot fordi parkeringstida går ut.

I ei undersøking frå Senteret for eit aldersvennleg Noreg i 2025 svara 78 prosent av personar over 60 år at dei opplever glede eller nytte av å bruka internett og digitale tenester i kvardagen.

Rettleiing: Slik registrerer du deg i EasyPark-appen

Rettleiing: Slik betaler du manuelt for en parkering

Denne rettleiinga viser deg steg for steg korleis du manuelt startar og stoppar ei parkering og betaler for ho i EasyPark-appen. Rettleiinga føreset at du har lasta ned appen på førehand, er logga inn og har registrert køyretøyet eller køyretøya dine i appen. Alle skiltnummer og kortnummer i rettleiinga er fiktive.

✍️

Oppgåve

Bli kjend med EasyPark.

Last ned EasyPark-appen dersom du ikkje alt har han

Opna appen

Start registreringa og sjå kva opplysningar du blir beden om å fylla inn. Bruk gjerne rettleiinga som hjelp

Finn kvar du legg inn registreringsnummeret til bilen din

🎯 Mål: Bli kjend med korleis EasyPark fungerer før du treng å bruka appen

💡 Tips: Du treng ikkje å starta ei parkering. Målet er berre å bli kjend med appen og kvar du finn dei viktigaste funksjonane